Vinje-jubileet 2018

Vinje-jubileet 2018

Denne sida inneheld informasjon om Vinje-jubileet i 2018. Førebels ligg berre planar og opplysingar om logo, organisering og framdrift på desse sidene. Seinare kjem jubileumskalender og meir informasjon om sjølve feiringa.

Bakgrunn

Aasmund Olavsson Vinje

• laga den første avisa på nynorsk

• etablerte moderne journalistikk på norsk

• var ein av dei fremste essayistane i Noreg

• blei den folkekjære lyrikaren

 

Vinje-jubileet for heile landet, heile året

• Opne A.O. Vinjes songar og journalistikk for nye generasjonar

• Gjere det lettare å bruke nynorsk på Austlandet

• Gi lærarar og elevar spennande møte med skriftene hans

 

Jubileet er i regi av Vinje kommune. Oppdatert informasjon om jubileet vil til ei kvar tid liggje på Vinjesenteret.no

  

Mål

Fastsett av den nasjonale jubileumskomiteen 26. mai 2016

1. Felles for alle markeringane er at dei skal fremje A.O. Vinje og hans produksjon lokalt og over heile landet og gjerne utover Noregs grenser.

2. Markeringane skal kaste ljos over sjølve forfattarskapen og gje nye generasjonar spennande møte med utvalde delar av diktinga og songskatten etter A.O. Vinje.

3. Markeringane skal fremje bruken av nynorsk på Austlandet generelt og i presse og media spesielt.

4. Markeringane skal stimulere til auka bruk av A.O. Vinje sitt materiale i grunnskulen og på universitets- og forskingsnivå.

5. Markeringane skal vere med og leggje grunnlaget for Vinje-senteret for dikting og journalistikk gjennom aktualisering og fokus på A.O. Vinje sin forfattarskap og liv.

6. Markeringane og Vinje-senteret skal bidra til å sikre A.O. Vinje sin plass i noregshistoria, slik at nye jubileumsmarkeringar vil bli sjølvsagde og eit folkekrav.

Organisering 

Komitear

Vinje kommune tok vinteren 2014 initiativ til å markere 200-årsjubileet for A.O, Vinje i 2018. Kommunen etablerte ei formell ramme for jubileet ved å oppnemne medlemmer til to ulike komitear, ein nasjonal og ein regional der ordførar og kultursjef i Vinje kommune er med i begge. Seinare blei også ein lokal komité oppnemnd.

Nasjonal komité: Det Norske Samlaget, Det norske Teatret, Nasjonalbiblioteket, Norsk Journalistlag, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune, Vinje kommune og Olav Vesaas.

Regional komité: Folkeakademiet i Telemark, Vestfold og Buskerud, Teater Ibsen, Telemark fylkesbibliotek, Telemark fylkeskommune, Telemark kulturnettverk, Vinje kommune, Aasmund Nordstoga (grunneigar av Plassen).

Lokal komité: Kjem seinare.

Leiar

Ordførar Arne Vinje 2014–2015

Ordførar Jon Rikard Kleven 2015–

Sekretær

Hans Kristian Lehmann 2014–2015

Anders Sandvik 2016–

 

Møteplan

28.8.2014 Rauland Nasjonal og regional komité

17.3.2015 Vinje Lokal komité

18.3.2015 Oslo Nasjonal komité

27.8.2015 Rauland Nasjonal og regional komité

10.3.2016 Oslo Nasjonal komité

20.5.2016 Oslo Nasjonal komité

25.8.2016 Rauland Nasjonal, regional og lokal komité

11.1.2017 Oslo Nasjonal og regional komité

13.2.2017 Vinje Lokal komité

29.3.2017 Oslo Nasjonal og regional komité

21.8.2017 Vinje Lokal komité

24.8.2017 Åmot Nasjonal, regional og lokal komité

8.11.2017 Oslo Nasjonal og regional komité

Logo 

Logoar og rettleiing for bruk ligg på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Utvikla av Tank Reklamebyrå for Nasjonalbiblioteket på oppdrag frå Vinje kommune 2015.

Arrangørar og aktørar står fritt til å bruke denne logoen i profileringa av tiltak i Vinje-jubileet 2018.

Logoen finst i to variantar, svart og negativ. Dei to variantane er jamstilte.

Vinjes stiliserte signatur står midtstilt på ei «tidslinje» som strekker seg frå fødselsåret 1818 til jubileumsåret 2018. Denne tidslinja kan i spesielle tilfelle strekkast og tilpassast høgdeformat av typen banner, så lenge signaturen står midstilt og årstala er uendra.

Hovudvariantane av logoen kan lastast ned frå denne sida. Det er laga eigne filformat for trykk (.ai, eps, pdf), office (rgb, jpeg) og nett (png). Desse ligg i kvar sine mapper.

Det er også laga variantar som er tilpassa liten storleik, laga i 20 mm og 10 mm breidd. Der er typografi og strek forsterka for å gjere annonsar og liknande godt leselege. Desse skal ikkje forstørrast, men dei kan gjerast mindre.

Hovudvarianten finst i 100 mm breidd. Det er denne som helst skal brukast, og den kan skalerast heilt ned til 20 mm.

Dersom logoen skal setjast inn med 20 mm breidd, skal den tilpassa varianten brukast Det same gjeld for 10 mm eller mindre.

Kvadratet som rammar inn logoen, er ein del av heilskapen. Ingen andre element skal plasserast innanfor dette kvadratet.

Kalender

Jubileumskalender kjem seinare.