Prosjektplan
Litteraturdagane i Vinje, på Vinjar i 2014Foto: Anne Vesaas, Litteraturdagane i Vinje

Prosjektplan

Vinje-senteret skal bli det rause museet, heiter det i prosjektplanen for Vinje-senteret. Det skal bli ein tydeleg samfunnsaktør med klare mål, systematisk samarbeid og ein høgare himmel over drifta i kvardagen.

Les heile prosjektplanen her (issuu)
Last ned og les heile prosjektplanen her (pdf)
Les samandraget av prosjektplanen her (pdf)

Dikting og journalistikk

Dikting og journalistikk er ein god fagleg møteplass. Det gir fleire inngangar til å forstå diktinga, og det set journalistikken i eit anna lys.

Vinje-senteret bør konsentrere seg om prosa, og det gjer ingen av dei litterære musea som er knytte til enkeltforfattarar. Hauge-senteret tek seg av lyrikk i mange former, Aasen-tunet den nynorske skriftkulturen, og då kan Vinje-senteret spesialisere seg på skjønnlitterær prosa på begge dei to norske språka generelt og nynorsk spesielt. Det er å arbeide med språkleg mangfald i praksis.

Forteljingar om norsk journalistikk finst i bokform, men er eit ikkje-tema ved museum utanfor vår eigen portefølje. Etter at journalistikken frå 1970-åra blei teken ut av det partipolitiske grepet, er journalistikken no inne i si nye store endring som følgje av den digitale.

Eit tredje haldepunkt er det munnlege i det skriftlege. Diktekunsten har mykje frå den tidlegare munnlege diktinga, ikkje minst måten å fortelje ei historie på, og det munnlege intervjuet har vore ei av grunnformene i journalistikken.

Aasen-tunet arbeider med alt på nynorsk og dialekt, Hauge-senteret og Vinje-senteret med både nynorsk og bokmål, men med eit tyngdepunkt i det nynorske. Dette krev at medarbeidarane ved Vinje-senteret er trygge i det nynorske, og at Nynorsk kultursentrum som eigar held godt fast i sin eigen føremålsparagraf og visjon.

 

Mål og målgrupper

Vinje-senteret skal bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål.

Vinje-senteret skal ha særleg interesse for desse prioriterte målgruppene:

• Elevar og lærarar i grunnskule og vidaregåande skule
• Kultur- og litteraturinteresserte vaksne (35+) og turistar frå inn- og utland som søkjer meiningsfulle opplevingar
• Fastbuande i Vest-Telemark
• Journalistar og andre tilsette i bokbransjen og mediebransjen
• Seminardeltakarar (spesielt i offentleg sektor), turoperatørar og brukarar av hotell- og opplevingspakkar
• Tilrettelagde kurstilbod for studentar, skrivekunstakademi, lærarar, journalistar, senioruniversitet, lesegrupper

Vinje-senteret skal gi publikum tilbod som ikkje alt finst.

 

Det rause museet

Dei som vitjar eit av musea i Nynorsk kultursentrum eller bruker ei av dei digitale tenestene, skal få det dei ventar og betaler for, dei skal få noko meir enn dei hadde venta, og dei skal også få noko dei ikkje må betale for. Vinje-senteret skal vere det rause museet og vil bli profilert som det.

I dette ligg at alle gjester skal få tilgjenge til noko av det samla faglege innhaldet i Vinje-senteret utan at dei betaler for det. Dette kan vere gratis film, ein flik av ei utstilling ute i publikumsområdet med resepsjon og butikk, og nokre arrangement skal vere gratis. Alle gjester får tilbod om omvising, i sommarsesongen som regel på faste klokkeslett. Alle tilbod frå Vinje-senteret på Internett vil vere gratis tilgjengelege for alle.

Kultur kostar, og kultur skal koste. Kulturtilbod skal vere prisa slik at alle har råd til å vere med på noko av dette. Difor vil billettprisar for arrangement variere frå null til marknadspris.

Å vere det rause museet inneber også ei positiv vertskapsrolle. Vertskap er kunsten å få folk til å kjenne seg velkomne. Sørvis er noko ein gir; vertskap er noko ein er. Museet skal vere lett å finne, både i landskapet og i den digitale verda, publikum skal få lyst til å kome, og dei skal få lyst til å kome att. Dei må få det gode førsteinntrykket når dei kjem, og dei skal merke ei positiv og open innstilling, og det vertskapet dei møter, skal spegle det museet er og det museet gjer.

 

Viktige samarbeidspartar

Heile Vinje skal eige i Vinje-senteret. Prosjektet står støtt lokalt og har til no ikkje utløyst konfliktar. Skulle nokon ha blitt oversedde, vil det bli følgt opp i tida etter at prosjektplanen er lagd fram. Litteraturdagane i Vinje og Vest-Telemark Museum er to sentrale aktørar som Nynorsk kultursentrum ønskjer å avtalefeste samarbeid med.

Litteraturdagane i Vinje er den eldste litteraturfestivalen i Telemark og har vore arrangert i august–september sidan 2001. Dette er ein lågbudsjettfestival med høg kvalitet, og det beste i dette må førast vidare. Festivalen er eigd av eit medlemslag og årsmøtet i laget gav 24.1.2016 styret fullmakt til å forhandle med Nynorsk kultursentrum om at festivalen blir ein del av Vinje-senteret. Ulvik poesifestival har med stort hell vore ein del av Hauge-senteret sidan 2014. Ei slik løysing vil styrkje både senteret og festivalen og føreset ein avtale mellom Litteraturdagane i Vinje og Nynorsk kultursentrum.

Litteraturdagane i Vinje har til liks med Ulvik poesifestival gjort godt fagleg arbeid og bygt opp eit publikumsgrunnlag og ein fagtradisjon som vil kome Vinje-senteret til gode. Hovudlinjene i den programprofilen som er forma, bør førast vidare og treng ikkje endrast sjølv om Vinje-senteret kjem til. Rammevilkåra for festivalen endrar seg i alle høve når Vinje-senteret er i drift fordi det då er jamlege arrangement om litteratur gjennom året. Dette vil stille større krav til arbeidet med festivalen, men kan også gi meir stabil drift, slik resultatet har vore for Dei nynorske festspela og Ulvik poesifesival.

For at Litteraturdagane skal bli ei budsjettavdeling i Vinje-senteret, må Nynorsk kultursentrum og laget Litteraturdagane i Vinje gjere ein samarbeids- eller overtakingsavtale. Nynorsk kultursentrum legg vekt på å kome medlemslaget i møte for ei god løysing. Med den framdriftsplanen som blir skissert i denne prosjektplanen, kan foreininga overlate driftsansvaret for Litteraturdagane til Nynorsk kultursentrum frå og med 2018.

Vest-Telemark Museum hadde ved inngangen til 2016 16 fast tilsette. Hovudkontoret ligg på Eidsborg i Tokke, og museet forvaltar ti anlegg i fire av dei seks kommunane i Vest-Telemark. Halvparten av anlegga ligg i Vinje. Leiinga ved museet har frå første stund vore positive til ideen om Vinje-senteret og til at dette kan bli ein del av Nynorsk kultursentrum. Ei slik haldning er alt anna enn sjølvsagd.

Nynorsk kultursentrum og Vest-Telemark Museum får eit hopehav som opnar for samarbeid og gjer det ønskjeleg med klare avtalar. Difor har Nynorsk kultursentrum teke initiativ til ein samarbeidsavtale med Vest-Telemark Museum. Dei to musea er samde om å få til ein slik avtale, og styra i dei to institusjonane drøfta ei første skisse til avtale ultimo februar 2016.

Med ein slik avtale markerer Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum at Vinje-senteret er med og utvidar det museumsfaglege miljøet og aukar publikumstilbodet i Vest-Telemark, og kan vere til beste for begge partar.

 

Ein kritisk samfunnsaktør

Som ei avdeling i Nynorsk kultursentrum blir Vinje-senteret ein samfunnsaktør innanfor språk, dikting og journalistikk. Vinje-senteret skal vere med og gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar på Austlandet. Med støtte i solid dokumentasjon skal senteret fremje pressepolitiske tiltak som styrkjer uavhengig journalistikk generelt og journalistikk på nynorsk spesielt, og litteraturpolitiske tiltak som fremjar prosakunst på nynorsk og bokmål. Det inneber at Vinje-senteret kan kome til å målbere omstridde meiningar.

Vinje er ikkje eit tilfeldig namn i norsk kulturhistorie, og Vinje-senteret blir ein sentral institusjon i eit nynorsk kjerneområde. I den hundreårserklæringa som Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum la fram på 200-årsdagen for Ivar Aasen i 2013, heiter det i § 11 «Styrk dei sterke nynorskområda»: «Nynorskbrukarane bur over heile landet. Utviklinga i dei nynorske kjerneområda legg grunnlaget for nynorsk som landsgyldig og jamstilt språk om femti år. Som eit nasjonalt, offisielt språk må nynorsk vere svært mykje brukt i fleire delar av landet. Vi prioriterer å styrkje nynorsk i dei områda der nynorsk alt er mykje brukt, og dei områda der bruken av nynorsk er under særleg press.»

Vinje-senteret blir ein uavhengig institusjon og ikkje eit talerøyr for spesifikke, bransjepolitiske interesser i pressepolitikken. Merksemda blir retta mot språklege og journalistiske utviklingstrekk og konsekvensar av politiske tiltak for språk og journalistikk.

 

Redigerte utdrag frå kapittel 15, 19, 23 og 24 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016