Journalistikk
Postkort frå 1980-åra, teikna av John Skarprud. Kjelde: Lokalhistoriewiki.no

Journalistikk

Avisene har vore det viktigaste domenet i utviklinga og vedlikehaldet av skriftkulturane i Noreg. Frå 1858 har over 170 aviser vore redigerte på nynorsk, medan noko slikt som 1800 har vore redigerte på bokmål.

Historiske linjer

167 eller 71 prosent av alle avisene i 2014 var formelt redigerte på bokmål, 66 (28 prosent) heilt eller delvis på nynorsk, ei avis kom ut på samisk og ei på kvensk og norsk. Reelt var dei fleste avisene språkblanda. I prinsippet kunne det stå noko på nynorsk i nesten alle avisene som var redigerte på bokmål, og tilsvarande kunne det stå noko på bokmål i alle avisene som var redigerte på nynorsk. Det formelle redaksjonsspråket seier difor ikkje alt om avisene si rolle i den språkdelte norske kulturen.

I Telemark kom det i 2014 ut ti aviser på ni utgivingsstader. To av desse avisene var redigerte på nynorsk – Bø Blad (Bø) og Vest-Telemark Blad (Kviteseid) – dei andre på bokmål. Drangedalsposten (Drangedal) blei i ein periode redigert som ei tospråkleg avis og Telen (Notodden) hadde iallfall tidlegare ein del stoff på nynorsk. Frå 1945 til 1958 kom den nynorske vekeavisa Telemark Tidend ut før den blei to sider i Varden, seinare i Telemarksavisa.

Lenge var det eit uklart skilje mellom dikting og journalistikk i avisene. Fablar og føljetongar blei med tida til prosa og vidare til tydelege journalistiske sjangrar. Frå 1860-åra bleiintervjuet etablert som form, likeins referatet eller saksframstillinga. Journalistikk på nynorsk og bokmål blei integrerte delar av den moderniseringa og demokratiseringa som no forma det nye Noreg.

Pressa var éin føresetnad for demokratiseringa, politiske parti ein annan. Mellom desse samfunnsaktørane oppstod det tette band, og alt frå 1880-åra var ei partipresse i emning. Det kom til å prege Noreg og styre journalistikken i nær 100 år, fram til 1970-åra.

Frå slutten av 1800-talet var den journalistikken Vinje var så tidleg ute med, ein avgjerande faktor i utviklinga av avisene som massemedium. Sjangrane blei meir spesialiserte, det dansk-norske språket meir munnleg – det skulle ikkje mykje til – og skrivemåten fornorska.

Frå 1930-åra var der både skriftleg og munnleg journalistikk. Med NRK blei mange journalistiske sjangrar også munnlege. Det forsterka over tid behovet for ei meir munnleg form og gav nynorsk journalistikk utbreiing i først ein, så fleire riksdekkjande kanalar. Då partipressesystemet blei avvikla, ekspanderte denne radio- og tv-journalistikken. Den uavhengige framstillinga blei forsterka som norm.

Mange av dei journalistiske nyvinningane blei utvikla i laussalspressa, og samstundes som digitale format tok form, blei meir og meir av pressa knytt til mediekonsern som over tid reduserte den journalistiske variasjonen, nett slik jamt fleire tv-kanalar ikkje auka dette mangfaldet.


Ei av dei første

Ei av dei tidlege kvinnene i norsk presse kom frå Rauland. Arne Garborg sette i gang vekeavisa Fedraheimen i 1877, og avisa blei redigert av minst 12 personar. I denne redaksjonen gjorde ei av dei første profilerte målkvinnene seg gjeldande, som journalist og redaksjonssekretær.

Ingebjørg Jore (* 1863 Rauland, † 1957 USA) kom frå garden Berge i Haddlandsgrend. Mora var Gunhild Bjørnsdotter Gardsjord, faren var ordførar Aanund Gjore. Der i garden stod Holbergs epistlar i bokhylla. Ein av dei andre sentrale i Fedraheimen, Ivar Mortensson-Egnund, var jamleg i Rauland, og gjennom kontakt med han kom Jore inn i redaksjonen i bladet.

I folketeljinga frå 1885 er der eit skjult spor av dette. Jore budde då i Møllergade 15 og er oppført som Ekspeditrise. I same huset budde bladstyrar Mortensson-Egnund – ho i første etasje, han i andre. I denne folketeljinga står Ingebjørg Jore oppført med fødselsåret 1862, men i klokkarboka for Rauland er ho skriven inn i manntalet 7.7.1863.

Ho hadde fleire lesarbrev og dikt i Fedraheimen 1883–85, signerte «Ingebjørg» eller

«-bjørg», og forteljinga «Ragnhild Slettevoll» i 1883-årgangen. Jore var medarbeidar i avisa stad mellom 1885 og 1888, i periodar som redaksjonssekretær, blant anna medan Arne Garborg var i Paris hausten og vinteren 1885–86. Ho var med og skreiv føljetongen «Ein Selle» i bladet frå 18. november 1885 til 3. november 1886 og skal ha hjelpt Mortensson-Egnund med fleire andre føljetongar. Då han gav ut «Ein Selle» i bokform under tittelen Ein fri-kar i 1905, gav han ut forteljinga som si åleine.

Mortensson-Egnund ville moderere Fedraheimen. Difor passa det han dårleg at bladet vinteren 1886 prenta ”Anarkist-Song” av Arne Garborg. Så kjølig blei det mellom dei to at Mortensson-Egnund fekk Jore til å gå imellom og skrive forsoningsbrev til Garborg. I 1887 var ho med og samla inn pengar frå Rauland til Vinje-stytta, ein bauta over Aasmund Olavsson Vinje. Ho må ha vore den første kvinna med redaksjonell makt i ei landsmålsavis.

Ingebjørg Jore sydde eit reint flagg til skyttarlagsfest i Rauland 17. mai 1884 og tok i 1888 til orde for at Noreg burde bli republikk. Som mange andre telemarkingar emigrerte ho til USA i 1892, der ho fem år seinare gifta seg med Arthur Goodspeed, tok etternamnet hans og fekk tre born. Jore var huslærar for borna sine og skreiv i Decorah-Posten. Kring 1900 hadde avisa 37 000 abonnentar og var med det den nest største avisa redigert på dansknorsk eller nynorsk.

 

Tre spørsmål

Er journalistikken blitt betre dei siste 50 åra?

Både utgivarar, redaktørar og journalistar vil nok svare ja på det spørsmålet. Fleire forteljeformer står no til rådvelde, det er blitt mykje lettare å nå tak i mange fleire typar kjelder og arbeide grundigare med saker. Det er nok dekning for å seie at iallfall dei første store kutta i den redaksjonelle staben hadde få uheldige verknader for journalistikken eller for publikum. No nærmar derimot mange verksemder seg det minste nivået for kritisk masse i den redaksjonelle staben. Det er vanskeleg å drive journalistisk innovasjon når så mykje står på spel økonomisk.

Korleis har den journalistiske rolla endra seg?

A.O. Vinje levde i ei brytingstid, blanda roller og skapte strid. Han var diktar i journalistikken og journalist i diktinga, har journalisten Bjørn Bø sagt. Med tida blei referat og meining skilde, men kor gjennomgripande har dette vore? Journalistikken var i ei anna fagleg låm mot slutten av 1900-talet enn kring 1860. Korleis er den journalistiske rolla blitt på 2000-talet? Den er iallfall under press. Grensa mellom journalistikk, informasjon og reklame er utfordra og i ein del tilfelle uklar. Fleire journalistar går inn og ut av yrket eller arbeider i skiftande prosentar.

Tek kjeldene over for journalistane?

Mediehusa skjer ned i både redaksjonane og andre delar av verksemdene, og færre journalistar skal produsere meir stoff i fleire format. Den journalistiske kvardagen er blitt meir krevjande med fleire fristar gjennom arbeidsdagen enn den eine som gjaldt før. Det blir viktig å ha færre fast tilsette, og dette har opna for innhaldsleveransebyrå. Desse rekrutterer gjerne frilansarar og fritek medieutgivarane for personalansvar og forpliktingar. Ein kan rekne med at denne marknaden er størst for saker som krev lite arbeidstid og er lette å selje inn. Her kan avstanden til kjelda bli for kort.

 

Redigerte utdrag frå kapittel 6 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016

 

Les heile prosjektplanen her (issuu)
Last ned og les heile prosjektplanen her (pdf)
Les samandraget av prosjektplanen her (pdf)