Teikningar

Vinje-senteret får ei dempa, men tydeleg form og utnyttar plassen godt. Det er ein institusjon med mange funksjonar som inneber ein komplisert konstruksjon. Skisseprosjektet styrkjer det som er, legg til noko nytt i form og innhald og framhevar dei store verdiane i kulturlandskapet i området.

Vinje skule blir bygd om med ein nybygd kontorfløy, mellombygningen til Vinjar samfunnshus blir riven og erstatta med eit moderne bygg i glas, som saman med ny utøvargarderobe i underetasjen tilfører Vinjar samfunnshus nye kvalitetar og oppfyller krava til universelt tilgjenge.

Vinje-senteret blir på 696 m2 BTA medrekna nye fellesområde med Vinjar, som dessutan får 50 m2 BTA ny utøvargarderobe i underetasjen.

Teikningar
 

Dempa og tydeleg form

Skisseprosjektet for Vinje-senteret forbetrar det som er, tilfører det nye verdiar og viser kva som er viktig i dette landskapet. Vinje-senteret kan formast slik at minst 2000 år kulturhistorie kan samlast og gjerast tilgjengeleg i eitt lite område. Det gjer Vinje-senteret til eit verdfullt tiltak for kulturminne også.

Skisseprosjektet for Vinje-senteret er ført i ei beherska form. Det er dempa, men tydeleg. I staden for å rope ut i landskapet går det inn i landskapet og opnar dette endå meir for omverda. Både natur- og kulturlandskapet med sine rike kvalitetar blir framheva, og den arkitektoniske løysinga snakkar med omgivnadene utan å heve seg over dei. Det gjer folk nyfikne, og det fortel dei i tide at her er det god grunn til å stoppe. Og bli. Slik kan dette på ny bli ein møteplass for mange.

Grunnlaget for Vinje-senteret er å byggje om Vinje skule. Det utløyser ombygging og noko nybygg. Det som kan brukast av det som alt er der, blir brukt om att. Ikkje noko blir gjort for effekten si skuld, ingen unødvendige kvadratmeter blir bygde, ingen fiffige løysingar som viser meir att i budsjett enn i bruk.

Vinjar samfunnshus blir ståande urørt, men kjem mykje meir til sin rett slik Vinje-senteret no blir forma.

Teikningar
Første etasje

 

Ombygging og nybygg

Terrenget utanfor blir heva med tørrmur og lett tilkomst for alle typar gjester, utan skjemmande ramper for rullestol, og med ein krok for uteservering og sitjeplassar ute der trappa inn til Vinje skule tek til no.

Vinje-statuen er blitt ståande litt på sida, men blir no midtpunktet i uteområdet for publikum.

Mellombygningen mellom Vinje skule og Vinjar blir riven ned til fundamentet og bygd opp som eit moderne bygg i glas. Her blir også inngangen til Vinje-senteret. I praksis vil dette ofte truleg også bli inngangen til Vinjar.

Her blir det god plass for butikk og enkel serveringskrok, løfterampe for rullestol og ein liten foajé før inngangen ved scena til Vinjar, utan å fjerne det stollagerrommet for Vinjar som alt er der. For dei arrangementa Vinje-senteret har i Vinjar, blir då tilkomsten frå inngangen vår, med billettskranke og det heile. Med glasveggene i nybygget blir også gravhaugen bakom godt synleg for alle.

Framlegget frå arkitektane inneber å etterisolere Vinje skule utvendig og forme denne bygningen meir som ein lukka boks i tradisjonell bordkledning med moderne utspring som alle er i glas. Arkitektane ønskjer ei løysing som tek opp i seg den lokale byggjetradisjonen, og då gjerne med tjørebreidde vegger. Også Vinjar hadde i utgangspunktet tjørebreidde element. Dei vindauga som er der no, stettar ikkje nye energi- og miljøkrav. Denne løysinga markerer elegant skilnaden mellom fortid og samtid.

For å skape liv og dynamikk, styre innsleppet av dagslys i utstillingsromma og knyte bygning og landskap tett saman blir det laga to små utstikkarar frå basisutstillinga. Den eine måler 2,0 x 1,3 m og gir fint utsyn til Vinje-statuen og til Vinjestoga. Den andre er større, kan tene som eit lite leserom, gir fint utsyn over landskapet ned mot Vinjevatnet og meir tak over inngangen til underetasjen. På taket blir det bygt ein lyskasse på 3 x 1,5 m om gir overlys ned i det utstillingsrommet som per i dag er heilt utan dagslys. Lyset her kan styrast på dag- og nattid og kan bli eit fint lyspunkt i mørketida, tilpassa så det ikkje sjenerer dei om bur i området.

Det meste av hovudetasjen i Vinje skule blir bygd om for basisutstilling, rom for temautstillingar, bibliotek og eit fleirbruksrom med plass til om lag 30 personar. Romma for utstillingar skiftar i storleik og form og gjer det til ei fin oppgåve for seinare utstillingsprodusent å forme dette arealet ut frå den utstillingsplanen som blir laga.

Kontorfløyen er ny og formar ein heilskap med Vinjar og resten av Vinje-senteret, og rammar inn gravhaugen utan å skade den. Denne blir reist på betongsøyler i massivt tre, som er ei billig og god løysing, og som gjer det ganske lett å skøyte på viss ein treng meir plass om 20 år.

I dag bind ei trapp saman etasjane i Vinje skule. Denne blir bygd att og er med og gir klare skilje mellom dei ulike funksjonane i bygningane – næringshage m.m. i underetasje Vinje skule, Vinje-senteret og Vinjar.

Teikningar
Underetasjen

 

Forbetring for Vinjar

For arrangement på Vinjar må det vere garderobe for utøvarar nær scena, som mange har streka under i innspel til drøftingsframlegget. Den gamle garderoben er lite tiltalande og lite tilfredsstillande og blir riven for å få plass til nybygget. I staden blir det laga nye garderobar i underetasjen på Vinjar, like ved trappa ned frå foajeen i Vinje-senteret. Dette blir ei betre løysinga enn det ein har hatt til no. Den same trappa ned til underetasjen på Vinjar blir utstyrt med trappeheis og gir dermed den universelle tilkomsten til matsalen som manglar no.

Skisseprosjektet løyser dermed udekte behov for universell tilkomst til Vinjar som eigaren Vinje kommune pliktar å ha på plass. Det blir universell tilkomst ned til matsalen i underetasjen, og det blir betre universell tilkomst inn i salen oppe.

 

Samla vurdering

Skisseprosjektet inneber at Vinje-senteret kan bli på 696 m2 BTA medrekna nye fellesområde med Vinjar samfunnshus, som dessutan får 50 m2 BTA ny utøvargarderobe i underetasjen. Senteret skal fylle mange funksjonar og er såleis ein komplisert konstruksjon.

Romprogrammet var på om lag 550 m2 utanom korridorar og fellesområde med Vinjar. Behova for Vinje-senteret er oppfylte, og det som kjem i tillegg, er nettopp nødvendige korridorar og fellesområde. Ein kontorfløy som tilbygg må til for at planløysinga skal gå opp og arealet brukast mest mogleg effektivt.

Vinje-senteret kan bli ein kulturinstitusjon med sjeldne arkitektoniske kvalitetar nettopp ved at ein byggjer på det som alt er. Arnstein Arneberg var ein av dei store norske arkitektane i mellomkrigstida og var aktiv i nesten 60 år til han døydde i 1961. Vinjar samfunnshus teikna han seint i livsverket sitt. Sverre Fehn var den fremste arkitekten i Noreg mot slutten av 1900-talet. Aasen-tunet var det siste verket han følgde frå første strek til siste spikar. Henrik Hille og Ervin Strandskogen var dei næraste medarbeidarane hans då Aasen-tunet blei til og pregar no bygningen vegg-i-vegg med Vinjar på ein måte som dannar ei kvalitetslinje i norsk arkitektur frå 1950-åra til 2010-talet.

Både arkitektoniske, driftsfaglege og kulturfaglege erfaringar gjennom 25 år blir bygde inn i Vinje-senteret. Romprogrammet blir realisert på ein måte som gir tilsette det dei treng og gjestene det dei bør få når dei er på staden. Skisseprosjektet løyser også oppgåver Vinje kommune elles måtte ha ordna på anna vis.

Tekniske og estetiske finjusteringar kan gjerast, og slike kan bli nødvendige når skisseprosjektet går over i forprosjektfasen og klargjering for byggjeprosjektet. Samstundes er Vinje-senteret med dette skisseprosjektet forma som ein heilskap. For at denne nasjonale kulturinstitusjonen skal bli det den må vere, er det difor viktig at skisseprosjektet blir gjennomført utan meir eller mindre vilkårlege kompromiss.

Ein får meir att for å sjå nøye etter om noko meir bør leggjast til enn å leite etter kva som kan takast bort.

 

 

Redigerte utdrag frå kapittel 29 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016