Lokalisering

Det blir lett å kome til Vinje-senteret, og det skal vere lett å bli verande der. Vinje-senteret blir lagt til Vinje skule like ved E134 eit kvarter frå kommunesenteret Åmot og midt mellom Bergen og Oslo. Hovudetasjen i Vinje skule frå 1973 blir bygd om for Vinje-senteret. Underetasjen kan då disponerast til næringshage og andre føremål. Vinjar samfunnshus frå 1959, teikna av Arnstein Arneberg, fargesett av Henrik Sørensen og bygd på dugnad, ligg vegg i vegg med Vinje skule og blir sambruk for større arrangement. Utanfor er der alt parkeringsplass for 50 bilar, og det er god offentleg økonomi å bruke om att bygningar og anlegg som alt finst.

Avgjerd i 2014

Då Vinje kommune lanserte og formulerte ideen om eit Vinje-senter i kommunedelplanen for kultur i 2012, var lokalisering eit ope spørsmål. Alt året etter blei Vinje skule lagd ned, og staden blei då raskt aktuell for Vinje-senteret. Dette viser att i den intensjonsavtalen som Vinje kommunestyre vedtok i 2014. Sjølve avtalen er kort, og mange sider av saka er utdjupa i eit langt vedlegg. I dette vedlegget heiter det i punkt 8:

«Partane er samde om at Vinje-senteret må ha ei føremålstenleg lokalisering. Det ligg alt føre eit framlegg om å leggje Vinje-senteret til Vinje skule og Vinjar. … Partane deler ein intensjon om at Vinjestoga blir integrert i Vinje-senteret.»

Spørsmålet om lokalisering var framme då kommunestyret drøfta og godkjende denne avtalen. Drøftinga enda med eit todelt vedtak. Med 22 røyster mot 1 røyst slutta Vinje kommune seg til intensjonsavtalen med Nynorsk kultursentrum. Vidare vedtok kommunestyret samrøystes: «Vinje kommune inviterer Liv i Vinje og andre lag og organisasjonar, som har interesse for etterbruk av Vinje skule, til eit samarbeidsmøte før ein jobbar vidare med eit litteratursenter.»

Med den formuleringa peika eit samrøystes kommunestyre eintydig på Vinje skule som staden for eit eventuelt Vinje-senter. Samarbeidsmøtet blei halde i Åmot 4.4.2014 med brei deltaking. Mange konsekvensar av det å leggje senteret til Vinje skule blei kommenterte og drøfta, men ingen tok til orde for alternativ til Vinje skule.

Då Nynorsk kultursentrum tok til på arbeidet med prosjektplanen, var berre nokre få faktorar fastlagde. Dei viktigaste var at Vinje-senteret skulle bli ei avdeling i Nynorsk kultursentrum, senteret skulle vere ope heile året, og Vinje-senteret skulle lokaliserast til Vinje skule.

 

Vinje skule og Vinjar samfunnshus

Kommunen har eitt administrativt tyngdepunkt og er delt i mange grender. Tre av desse skil seg ut i kulturhistoria: Edland, Vinje, Rauland. Vinje grend strekkjer seg ut over 25 små kilometer med eit sentrum nær vestenden av Vinjevatnet. Her er Vinje kyrkje frå 1796 med gravene til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas, her ligg Midtbø og diktarhytta Juvstøyl, Vinjestoga, Vinjar samfunnshus frå 1959, og Vinje biletgalleri frå 1991 med verk av både Henrik Sørensen og Harald Kihle.

Før Rauland og Vinje blei éin kommune i 1964, var Bøgrend kommunesenteret i gamle Vinje kommune. Ein av elevane på Kosa-skulen i Bøgrend heitte Tarjei Vesaas. Kosa-skulen og Smørklepp skule lenger vest blei frå 1973 slått saman til Vinje skule med nybygg i Vinje-grenda. Denne skulen ligg berre eit par hundre meter frå Plassen der A.O. Vinje voks opp, på andre sida av riksvegen vestover. Vinje skule er teikna av Gunnar Sandvik og var barneskule til og med våren 2013.

Trioen Aslak Juvland, Aslak Myran og Knut Nordstoga tok initiativet til å reise Vinjar samfunnshus. Så seier soga at Henrik Sørensen bad venen Arnstein Arneberg om å teikne huset. Det gjorde Arneberg i 1956–57. Den endelaust lange lista over verka hans inneheld både Oslo rådhus og Lille Tøyen hageby i Oslo (saman med Magnus Poulsson), Skaugum, Volda kyrkje, og innreiinga i salen til Tryggingsrådet til Sameinte nasjonar i New York.

Arneberg fekk ikkje noko honorar, og lokal kronerulling og mange dugnadstimar måtte til for å få reist bygningen. Sørensen følgde nøye med undervegs. Kunstnarvenen hans, Harald Kihle, hadde hovudansvaret for fargar og interiør. Sørensen støtta han i det han gjorde og var bestemt på at det ikkje skulle bli det han kalla kaffistovefargar. På Smørklepp, der Sørensen heldt hus, samla det seg ein kunstnarkoloni, og Henrik Sørensen ville at kvar av dei skulle gi kvart sitt kunstverk til nybygget. Det var det mange som gjorde.

Vinjar blei opna 30.12.1959 med ei svart stripe oppe under taket som blei kalla «Livets sørgebånd». Bygningen var i kvitpussa mur som seinare blei kledd med panel.

Der er ein solid tradisjon for 17. mai-feiring, julekonsert og juletrefest tredjedag på Vinjar. Sjølv om skulen er lagd ned, har desse feiringane halde fram i beste velgåande. Det har også andre sosiale fellestiltak i Vinje-grenda (sjå kapittel 11.7). Grendelaget Liv i Vinje bruker Vinjar fire–fem gonger i året, utanom den unike ordninga med faste måndagsmiddagar frå september til juni.

 

Kultursentrum og allfarvegar

I namnet Nynorsk kultursentrum ligg ei klar kulturpolitisk melding om at Noreg er eit samfunn med meir enn eitt sentrum. Den tankegangen har prega verksemda ved institusjonen heile tida.

Nynorsk kultursentrum er ein av svært få nasjonale institusjonar som verken ligg i ein by eller ein bygdeby, men som held til fleire kilometer unna tettbygde område. Det kostar meir å drive ein slik institusjon enn ein som ligg i ein storby, men det gir også eit større strategisk handlingsrom av di det er meir uavhengig av etablerte og kanskje fastlåste tankemønster.

Ideen om Vinje-senteret og arbeidet med denne prosjektplanen er blitt teke godt imot. Det vesle av skepsis som har vore fanga opp, har kome frå leiinga i interesseorganisasjonar for mediebransjen i hovudstaden. I eit par møte har meldinga vore at «jo, men Vinje ligg langt utanfor allfarveg».

Ser ein etter, ligg nok det meste utanfor allfarveg. Sjølv dei største hovudtrafikkårene står for ein mindre del av trafikken. Det er med ordet allfarveg som med ordet allmenn – dei fleste interessene representerer mindretal. Kulturpolitisk kan ein gjere fleire stader til sentrum.

Framlegget om E134 som prioritert stamveg inneheld ei mogleg omlegging som gjer at E134 blir lagd over Rauland og ikkje lenger går gjennom Åmot og forbi Vinje-grenda. Det ville innebere at gjester i bil austanfrå eller vestanfrå må svinge av og truleg køyre om lag 20 km ekstra for å kome til Vinje-senteret. Om dette blir den endelege løysinga, var uvisst ved inngangen til 2016, og like uvisst er det når det blir sett trafikk på ein slik trasé.

Fysiske rammevilkår påverkar det ein kan gjere. Vinje-senteret ligg lenger unna tettbygde strøk enn Hauge-senteret. Som Aasen-tunet ligg Vinje-senteret utanfor kommunesentera, men som Aasen-tunet ligg det tett ved ein europaveg. Denne blir verande eit av to heilårssamband mellom Bergen og Oslo. Fagmiljøet i mellom anna norsk ved Høgskolen i Telemark ligg halvannan time unna. Haukeliekspressen bruker 5 ¼ time frå Bergen til Vinjar og 4 timar frå Oslo til Åmot; verre er det ikkje.

Sikkert er det likevel at kulturinstitusjonar av typen Vinje-senteret må formast og profilerast slik at dei får forbifarande til å stoppe. Denne stoppeffekten er summen av arkitektur, visuelle og estetiske element, allmennkunnskap om senteret og kor godt senteret profilerer seg i massemedium og sosiale medium. Det gjeld å kome på folkemunne.

Samstundes må det vere lett å kome dit og lett å bli verande. Same kor gode dei faglege publikumstilboda er, hjelper det lite viss der ikkje er lett å parkere eller kome dit med offentlege transportmiddel, eller viss det er dårlege publikumsfasilitetar. For mange står toalett øvst på lista når dei er framme.

 

Stader med minneverdi

Busetnadsmønster, trafikkmønster, funksjonalitet og stadutvikling er faktorar som går att når bygningar og anlegg skal plasserast. Dei faktorane skal ikkje neglisjerast når kulturinstitusjonar med minnepolitiske funksjonar skal plasserast heller, men då er det meir som tel.

Autentisitet er det viktigaste. Eit anna ord for det same kan vere minneverdi, all den tid alle museum mellom anna handlar om minnepolitikk (sjå kapittel 5.1). Stader som har spelt ei historisk rolle (Stiklestad), som har vore heimstad (Troldhaugen), som alt lenge har utgjort eit reisemål (Aasen-tunet) – slikt tilfører besøksmålet ein minneverdi som er unødvendig for ein skulebygning, eit hotell eller eit kulturhus. Bustad, skrivestad, biografi er med og legitimerer senteret som reisemål for gjestene. Denne autentisiteten opnar for særmerkte forteljingar som ikkje ville gi same meining andre stader. Historia om staden er såleis ein minnepolitisk faktor som er med og gjer ein ny institusjon viktig.

Det står fast at det autentiske i dette prosjektet ligg i Vinje, at det var Vinje kommune som tok initiativet, og at det er svært ulike miljø i Vinje som saman med Vinje kommune har gjort det mogleg å ta den store ideen over til området for realisering og gjennomføring. Vidare lokalt samhald vil styrkje ideen og lette alt som skal gjerast for at Vinje-senteret ein dag kan opne dørene med eit komplett publikumstilbod.

  

Redigerte utdrag frå kapittel 9 og 27 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016