Faglege perspektiv

Der er mange litterære museum i andre land, men det dominerande fellestrekket ser ut til å vere at dei handlar om éin person, éin institusjon, éin periode. At det er slik, kan ha med tradisjon og økonomi å gjere, men det kan også forklarast med at iallfall for dei store språkkulturane er kvar forfattar stor nok i seg sjølv.

Dei musea Nynorsk kultursentrum driv, skil seg ut med sin høgare himmel – nynorsk skriftkultur for Aasen-tunet, lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser for Hauge-senteret. Vinje-senteret skal dekkje dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål.

Minnepolitikk som strategi

Moderne museum lever i samtida, aktiviserer gjester og brukarar og lagar forteljingar som berre dei kan formidle slik dei gjer. Minnepolitikk er å bruke fortida til å fremje interesser eller verdiar i samtida, og pregar den minnekulturen som finst i eit samfunn. Museum er basisinstitusjonar i den norske minnekulturen.

Dette har vore ein del av vestleg kultur like sidan antikken. I den klassiske retorikken var forfedrane ein grunnleggjande kategori. Å vere på parti med fortida var ein nødvendig føresetnad for å ha makt over framtida. Dette har prega den politiske talekunsten i fleire tusen år. Minnepolitikk har såleis med mykje meir å gjere enn runde år og jubileum. Til langt ut på 1800-talet arrangerte ein festar til minnet om forfedrane. Det var til ein slik fest i 1868 at A-.O. Vinje skreiv «At far min kunde gjera».

Historisk er der ei ubroten linje mellom demokrati og minnepolitikk like frå det antikke Hellas. Den klassiske retorikken var ein viktig del av grunnlaget for samfunnsorganiseringa. Det gjaldt å ha forfedrane – formødrene kom mykje seinare – på si side ved å vise eigen samanheng til deira tankar, gjerningar og resultat. Den dag i dag er dette eit politisk grunnargument i den offentlege ordskiftet, tydelegare i nokre samfunn enn i andre. Difor kan eit kritisk arbeid om minnepolitikk seie noko om fortidas rolle i eit moderne samfunn.

Minnepolitisk representerer den utflytta og den tilbakeflytta forfattaren ei påminning om at kunstnarheimen langt på veg er ein romantisk myte. Forfattarar bur som regel mange stader gjennom forfattarskapen sin, og dei vel ulike strategiar. A.O. Vinje ordla seg ganske kritisk om Vinje-bygda og hadde lite å gjere med heimbygda etter at han flytta derifrå i 1840-åra. Truleg var han i Vinje siste gongen i 1864, i jordferda til faren.

Språk høyrer ein minnekultur til. Arbeidet med denne prosjektplanen har stadfesta kor sterke band vinbyggjer har til språket sitt. Ein av fleire krokar å henge det sjølvbiletet på, finn ein i det portrettet A.O. Vinje skreiv om diktaren og stortingsmannen Tormod Knutsson Borgejordet frå Kviteseid i 1868. Vinje avslutta portrettet med eit kollektivt språkportrett av samtida der han først og fremst heidra den språkmeistringa han møtte så mange stader:

«Eg kjenner enno mange yngre Skulemeistrar der uppe fraa Thelemork med gode Diktargaavor – eg heve sagt, at eg skulde forsyne heile Skandinavien med Poeter derifraa – desse skulde spegla seg i ‘n Thormod og dikta i sit Modersmaal. Eg kjenner ingen Maken hans, det er sannt, og Tanken der heime var, at Liken hans hadde der ikke funnis i dei sidste Mannsaldrar.»

 

Journalistiske perspektiv

Som diktinga blei journalistikken til i møtet mellom det munnlege og det skriftlege. Historia om norsk presse tek til på 1600-talet, men forteljinga om moderne norsk journalistikk opnar med A.O. Vinje i 1850-åra. Journalistikken har endra seg meir enn det ståande uttrykket «den fjerde statsmakt» gir inntrykk av, og denne historia er enno ikkje fortald. Medieforskarane arbeider mest med samtida, mediebransjen mest med framtida. Der er ingen nasjonal institusjon som på uavhengig grunnlag dokumenterer og formidlar samtida i lys av fortida no når den redigerte røynda er under press.

I litteraturvitskapen har det danna seg eit (uheldig) skilje mellom bokhistorie og teksthistorie. I ei vanleg litteraturhistorie dominerer forfattarane og forfattarskapane. Slik er det ikkje i medie- og pressehistoriske framstillingar. Der dominerer utgivarane, mediehusa, verksemdene. Redaktørane blir ofte framheva, journalistane sjeldan. Dei journalistiske skilnadene som måtte vere der innanfor ei avis eller ein kringkastar, blir dermed underkommuniserte. Den norske avishistoria, kringkastingshistoria og mediehistoria er skriven, men ikkje historia om norsk journalistikk. Då kan enkeltpersonane gjerast like viktige som dei er i litteraturhistoria.

I det meste av 1900-talet var pressa partipolitisk prega og til dels styrt. Frå 1970-åra slitna bandet mellom parti og presse, men etter nokre få tiår er reklamejournalistikken no på veg inn og kan få noko av den same funksjonen som partilojaliteten hadde. Mediehusa leitar etter nye måtar å skape inntekter på. Ein bruker verkemiddel frå journalistikken fordi ein veit at desse fungerer. Innhaldsmarknadsføringa dreg vekslar på og låner av tilliten til journalistikken, som i sin tur risikerer å miste noko av den tilliten.

Partipressa søkte skilnader og konflikt. Då partipressa dominerte, var avisene i seg sjølve aktørar som kritiserte kvarandre, polemiserte mot kvarandre, diskuterte med kvarandre, følgde kvarandre kritisk. Med eit fåtal mediekonsern og avishus og ei journalistisk utvikling i retning av mykje godt dei same meiningane, har kollegialiteten teke over for kritikken. Mykje av den same lojaliteten kollegaer imellom som ein ser i etatar som politiet og helsevesenet, pregar no også mediebransjen.

Tillit og openheit er det ordet aktørane sjølve bruker mest når dei i arbeidet med prosjektplanen er blitt spurde om kva som no står på spel. Når driftsgrunnlaget er truga, gjeld det å verne om tilliten og den uavhengige posisjonen andsynes eigarar og annonsørar. Dette er strengt teke det einaste som skil den redigerte pressa frå mykje av det som elles blir skrive og publisert.

 

Litterære perspektiv

For norsk skjønnlitteratur er den statlege delen av forfattarøkonomien blitt endå viktigare utover på 2000-talet. Dei litteraturpolitiske verkemidla ligg ganske fast, men er nok ikkje sjølvskrivne. For skjønnlitterære forfattarar gir innkjøpsordningane i Kulturrådet no betre og meir føreseielege vilkår enn før. Bokbransjen er prega av sterkare kjedemakt på bokhandelsida og større press på inntening på forlagssida. Desse endringane tener ikkje til å fremje mangfald og variasjon og kan sjåast som ein parallell til det reduserte mangfaldet i avisbransjen.

Norsk essayistikk står utsett til. Dette har aldri vore nokon dominerande sjanger, men det er ein sjanger som veg tungt i kvalitet og refleksjon. Først frå 1990-åra kom offentleg støtte til utgiving av slike bøker inn i ordna former. Frå 2005 etablerte Kulturrådet ei ny støtteordning for innkjøp av sakprosa, og med den har essayistikken etter kvart mista sine få privilegium i bokøkonomien.

Ei anna kritisk endring er endra rammevilkår for litteraturjournalistikk og litteraturkritikk. I jakta etter nye inntekter og nødvendige driftsresultat reduserer mediehusa talet på journalistar og andre medarbeidarar. Vinteren 2016 avvikla Bergens Tidende stillinga som kulturredaktør, og store aviser som VG har skore til dels kraftig ned på omfanget av litteraturkritikk. Der avislesarane før kunne kome til å kome over bokmeldingar dei elles ikkje ville sett, må boklesarane no i større grad oppsøkje litteraturkritikken i aviser som Morgenbladet, Klasekampen og ymse litteraturtidsskrift. Den litterære offentlegheita blir fragmentert og spesialisert.

På plussida veg det tungt at opplesingar og forfattarmøte er blitt ei vanleg arrangementsform i kultur-Noreg. Desse arrangementa er populære, og dei får fleire forfattarar fram i lyset, tydeleg, enn bokhandlane og biblioteka kunne gjere med sine vanlege verkemiddel. Med ei meir profesjonalisert presse blei det særleg frå 1980-åra viktigare for forfattarar å handtere intervjusituasjonen. Å kunne framføre tekstane sine godt er blitt ein del av kvardagen for dei som no etablerer seg som skjønnlitterære forfattarar. Det vil ikkje seie at alle trivest like godt i den utoverretta rolla. Ein kan nok lykkast og bli sett som god forfattar sjølv om ein ikkje meistrar medie- og arrangementssituasjonane, men nålauget blir trongt viss litteraturkritikken skrumpar inn.

 

 

Redigerte utdrag frå kapittel 5–7 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016