Dokument

Arbeidet med Vinje-senteret vil resultere i mange dokument og avtalar. Desse blir publiserte etter kvart.

Intensjonsavtale 13. februar 2014

1 Målet er å ta vare på og formidle litterær kulturarv og stimulere til ny skriving og til at ny litteratur blir skapt ved å utvikle, etablere og drive eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald i Vinje (heretter kalla Vinje-senteret som arbeidstittel). Partane tek mål av seg til at senteret skal få ei nasjonal rolle og utvikle nordisk og internasjonalt samarbeid. Litteratur på ulike tekniske plattformer med skiftande distribusjonsformer blir integrerte i arbeidet. Senteret byggjer også vidare på det arbeidet med omsetjing og gjendikting som Vinje kommune alt har støtta.

2 Partane ønskjer at senteret skal vere ope heile året med regelmessig opningstid gjennom veka, romme minst fire heiltidsarbeidsplassar og tilby digitale tenester og eit breitt tilbod til publikum på staden. Partane legg til grunn jamleg vedlikehald av bygning og utstillingar i samsvar med føresetnadene frå Stortinget om driftstilskot til slike institusjonar.

3 Partane tek sikte på at Vinje-senteret blir ei eiga driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret. Denne organiseringa blir tufta på felles faglege ambisjonar og interesser ut frå ei erkjenning av at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden.

4 Partane deler ein felles intensjon om at Vinje-senteret skal kunne opnast med eit komplett publikumstilbod til 200-årsdagen for A.O. Vinje fredag 6. april 2018.

5 Partane har ei felles interesse av å styrkje den nynorske kulturtradisjonen og ser på Vinje-senteret som ein av berebjelkane i arbeidet for meir bruk av nynorsk på Austlandet. Administrasjonsspråket i Vinje-senteret skal vere nynorsk.

6 Senteret skal dekkje både skjønnlitteratur og sakprosa og leggje særleg vekt på litteratur i bruk, medrekna journalistikk.

7 Partane legg vekt på lokalt engasjement, språkleg identitet og eit internasjonalt perspektiv. Vinje-senteret skal styrkje den lokale språklege og kulturelle identiteten med vekt på samspelet mellom dialekt og nynorsk.

8 Vinje-senteret blir utvikla gjennom eit nært og konstruktivt samarbeid særleg med barnehagar og grunnskular i Vinje kommune, vidaregåande skular i regionen og kulturinstitusjonar i fylket.

9 Senteret skal styrkje Vinje som reisemål for kunst- og kulturinteresserte. Partane legg særleg vekt på at verksemda ved Vinje-senteret skal kome innbyggjarane i Vinje kommune og regionen Vest-Telemark til gode, og at det skal gi ein ny og viktig arena for skrivande og andre skapande kunstnarar i regionen.

10 Partane tek i arbeidet særleg omsyn til den vidare utviklinga av Litteraturdagane i Vinje som ein viktig litteraturfestival og vil saman med festivalen finne fram til den beste forma for samarbeid mellom festivalen og Vinje-senteret.

11 Som følgje av denne avtalen blir Vinje kommune og Telemark fylkeskommune inviterte inn som medstiftarar i Nynorsk kultursentrum.

12 Ein overtakingsavtale fastset det tidspunktet då Nynorsk kultursentrum tek over ansvaret for etablering og drift av Vinje-senteret i samsvar med denne avtalen. Dette omfattar særleg styring, organisering, personalforvaltning, drift og økonomi.

13 Til noko anna er avtalt har Vinje kommune det samla prosjektansvaret og fastset forpliktande budsjettramme for arbeidet. Nynorsk kultursentrum har ikkje noko økonomisk ansvar for Vinje-senteret før ein eventuell overtakingsavtale gjeld. I avtaleperioden dekkjer Vinje kommune dei kostnadene og den tidsbruken avtalen inneber for Nynorsk kultursentrum, innanfor fastsette rammer.

14 Partane oppnemner innan 1. mai 2014 i fellesskap ei prosjektgruppe for Vinje-senteret.

15 Partane føreset at Vinje-senteret får ein finansieringsmodell som inneber økonomiske forpliktingar for både stat, fylkeskommune og kommune, der den statlege løyvinga til vanleg utgjer inntil 60 % av ordinære offentlege driftsmidlar, og inntil 30 % av offentlege investeringsmidlar.

16 Denne intensjonsavtalen gjeld til ein overtakingsavtale er signert, men ikkje lenger enn til 31. desember 2015.

Avtalen har tre vedlegg:

1 Plattform for samarbeid om utvikling av Vinje-senteret

2 Kommunedelplan for kultur i Vinje kommune 2012–2021, datert 22. februar 2012

3 Visjon og strategi 2013–2016, vedteken i styret i Nynorsk kultursentrum 4. juni 2013

Denne avtalen er skriven ut og signert i to eksemplar – eitt til kvar av partane. Avtalen er godkjend i styret i Nynorsk kultursentrum 6. desember 2013 og i Vinje kommunestyre 13. februar 2014.

 

_____________________     ______________________________________

Ordførar Vinje kommune        Styreleiar Nynorsk kultursentrum

 

Informasjons- og drøftingsmøte 2011–2016

Frå det første møtet i februar 2011 fram til medio februar 2016 er det halde 76 møte om Vinje-senteret med ulike aktørar og interessentar. I tillegg har saka vore drøfta på ei rekkje leiarmøte, styremøte og rådsmøte i Nynorsk kultursentrum. 

Drøftingsmøte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om samarbeid og utvikling av litterære tilbod i Vinje på Vinjar 23.2.2011
Møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum i Oslo 9.6.2011
Drøftingsmøte om det tverrfaglege kunstprosjekt Ord-Uro-Brot-Bru i Seljord 18.10.2011
Seminar om Vinje litteraturpark og Vinje-senter i Vinje 1.11.2012
Møte i arbeidsgruppa for Vinje litteraturpark på Vinje skule med synfaring 6.4.2013
Seminar på 195-årsdagen til A.O. Vinje på Vinjar i Vinje 6.4.2013
Møte i arbeidsgruppa for Vinje litteraturpark på Vinjar i Vinje 29.8.2013
Møte mellom Nynorsk kultursentrum og Vinje kmmune i Åmot 29.8.2013
Forhandlingsmøte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om intensjonsavtale i Aasen-tunet 19.11.2013
Styremøte i Nynorsk kultursentrum i Aasen-tunet 6.12.2013: vedtak intensjonsavtale om Vinje-senteret
Kommunestyremøte i Vinje 13.2.2014: vedtak intensjonsavtale om Vinje-senteret
Møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret i Åmot 4.4.2014
Samarbeidsmøte om Vinje-senteret i Åmot 4.4.2014
Seminar på 196-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar 5.4.2014
Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Aasen-tunet 8.8.2014
Drøftingsmøte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum i Aasen-tunet 21.8.2014
Møte i den nasjonale komiteen for A.O. Vinje-jubileet 2018 i Vinje 28.8.2014
Informasjonsmøte med styret i Litteraturdagane i Vinje i Bøgrend 31.8.2014
Informasjonsmøte med styremedlemer i Liv i Vinje på Vinjar 31.8.2014
Informasjonsmøte med leiaren i Vinje Ungdomslag på Vinjar 31.8.2014
Informasjonsmøte med Ap-gruppa i Vinje kommunestyre i Åmot 1.9.2014
Informasjonsmøte med leiaren i Folkeakademiet i Vinje i Åmot 1.9.2014
Informasjonsmøte med Frp-gruppa i Vinje kommunestyre i Åmot 1.9.2014
Informasjonsmøte med leiaren for Institutt for folkekultur ved Høgskulen i Telemark, Rauland 1.9.2014
Informasjonsmøte med Rauland historielag i Åmot 1.9.2014
Informasjonsmøte med dagleg leiar i Raulandsakademiet, Rauland 1.9.2014
Informasjonsmøte med styrerepresentantar i Vinje Handverkslag / Vinjeutstillinga i Åmot 1.9.2014
Informasjonsmøte med leiaren i Vinje Mållag i Åmot 1.9.2014
Informasjonsmøte med leiaren i Pilegrimsvegen til Røldal, Edland 2.9.2014
Informasjonsmøte med direktøren ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg 2.9.2014
Gjennomgang av Vinje lokalhistoriske arkiv, Rauland 2.9.2014
Informasjonsmøte med leiaren i Øvre Vinje Historielag Sullamrei, Edland 2.9.2014:
Møte med statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet 17.9.2014
Informasjonsmøte med generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser i Oslo 15.10.2014
Møte mellom Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum i Oslo 23.11.2014
Møte med embetsverket i Kulturdepartementet 24.11.2014
Møte i den nasjonale komiteen for Vinje-jubileet 2018 i Oslo 18.3.2015
Møte med leiar Svein Harberg i familie- og kulturkomiteen i Stortinget, Oslo 19.3.2015
Rådsmøte med synfaring på Vinjar og Vinje skule 10.4.2015
Seminar på 197-årsdagen for A.O. Vinje i Vinjar med open idédugnad 11.4.2015
Møte med tidlegare lektor Erik Gjestvang på Vinjar 11.4.2015
Teknisk synfaring i Vinje skule og Vinjar 17.6.2015
Styreseminar og styremøte i Nynorsk kultursentrum med synfaring i Vinje 18.–19.6.2015
Møte med statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Aasen-tunet 27.6.2015
Fellesmøte for den nasjonale og regionale jubileumskomiteen for Vinje-jubileet 2018 på Rauland 27.8.2015
Høyring om statsbudsjettet i familie- og kulturkomiteen i Stortinget 20.10.2015
Møte med Telemark fylkeskommune v/fylkeskulturavdelinga i Skien 29.10.2015
Møte med fylkesordførar Sven Tore Løkslid og leiar Tone Berge Hansen i hovudutvalet for kultur, Telemark fylkeskommune i Skien 29.10.2015
Møte med direktøren i Fritt Ord i Oslo 3.11.2015
Møte med Landslaget for lokalaviser i Oslo 17.11.2015
Møte med administrasjonen i Vest-Telemarkrådet, Kviteseid 25.11.2015
Møte med styret i Litteraturdagane i Vinje i Åmot 25.11.2015
Rektormøte i Åmot 26.11.2015
Møte med Ragnvald Christenson, Edland, 26.11.2015
Møte med Vinje kommune i Åmot 27.11.2015
Møte med styreleiaren i Vest-Telemark Museum i Seljord 27.11.2015
Møte med arkitekt Hille & Strandskogen i Oslo 9.12.2015
Møte med medieforskarane Henrik G. Bastiansen og Jan Inge Sørbø på Høgskulen i Volda 13.1.2016
Stabsseminar i Nynorsk kultursentrum i Sogndal 15.1.2016
Møte med Norsk Journalistlag i Oslo 18.1.2016
Møte med Mediebedriftenes Landsforening i Oslo 18.1.2016
Møte med Den norske Forfatterforening i Oslo 18.1.2016
Møte med forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark i Drammen 18.1.2016
Møte med Norsk Redaktørforening i Oslo 19.1.2016
Møte med arkitekt Hille & Strandskogen i Oslo 19.1.2016
Møte med stortingsrepresentant Lene Vågslid (Telemark) i Stortinget 19.1.2016
Møte med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening i Oslo 19.1.2016
Presentasjons av drøftingsframlegg på årsmøte i Litteraturdagane i Vinje i Åmot 24.1.2016
Møte med L/L Vinjar i Åmot 24.1.2016
Møte med Vest-Telemark Museum om samarbeidsavtale på Eidsborg 25.1.2016
Møte med Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen 25.1.2016
Møte med Vinje-utstillinga i Åmot 25.1.2016
Presentasjon av drøftingsframlegg på ope informasjonsmøte på Vinjar 25.1.2016
Presentasjon av drøftingsframlegg for Vinje kommunestyre på Vinjehuset 25.1.2016
Møte med leiar Svein Harberg og medlem Hege Haukeland Liadal frå familie- og kulturkomiteen på Stortinget i Aasen-tunet 5.2.2016
Møte med arkitekt Hille & Strandskogen i Oslo 12.2.2016

  

Utdrag frå «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»