Budsjett

Prosjektplanen inneheld spesifiserte kalkylar for Vinje-senteret, for basisutstillinga og for utbetring av Vinjar samfunnshus. Det blir også vist korleis alt kan finansierast.

Høgt ambisjonsnivå, låg kostnad

Denne prosjektplanen formar eit høgt fagleg ambisjonsnivå for Vinje-senteret. Ingen sa imot då dette ambisjonsnivåpet blei presentert i minste detalj i drøftingsframlegget i januar 2016. Skisseprosjektet frå dei framståande arkitektane Hille & Strandskogen byggjer vidare på dette faglege ambisjonsnivået. Med sine mange funksjonar og oppgåver blir Vinje-senteret komplekst å byggje når gjenbruk er ein viktig føresetnad. Dette er ombygging, nybygg og tilbygg i eitt. I tillegg kan ein no heve bruksstandarden for Vinjar samfunnshus, i si tid skapt av ein av dei fremste norske arkitektane på 1900-talet, i levande bruk i dag.

Slik ser møtet mellom kulturvern og moderne museumsdrift ut, i innhald, form og kroner. Og likevel: Vinje-senteret blir ein av dei minste nye nasjonale kulturinstitusjonane i Noreg. Det blir også ein av dei rimelegaste.

Vinje-senteret må realiserast gjennom eit klassisk norsk spleiselag i samsvar med dei hevdvunne fordelingsreglane for offentlege tilskot frå stat, fylke og kommune. Investeringskalkylane for skisseprosjektet er uvanleg detaljert og byggjer på gjeldande retningslinjer og eit stort erfaringsmateriale. Der er usikre faktorar som kan slå begge vegar. Driftsbudsjetta følgjer budsjettprinsippa i Nynorsk kultursentrum om nøkterne inntekter og realistiske kostnader.

Til og med 2015 hadde Vinje kommune brukt om lag 3,6 millionar på grunnlags- og utviklingsarbeid som kjem Vinje-senteret til gode.

Vinje-senteret

I samråd med arkitektane Hille & Strandskogen og direktøren i Nynorsk kultursentrum har byggteknisk konsulent utarbeidd ein kalkyle for dei investeringane som må og/eller bør gjerast.

Nynorsk kultursentrum legg aldri fram investeringsbudsjett eller andre budsjett som er politisk sminka for at dei skal vere lettare å godta. Difor blir også dei usikre faktorane talfesta, med dei marginane som trengst.

Med nødvendige korridorar og fellesområde med Vinjar inneber som nemnt skisseprosjektet at Vinje-senteret disponerer 696 m2. Kalkylen følgjer fullt ut det skisseprosjektet som er laga av arkitektane Hille & Strandskogen.

For å gi eit mest mogleg heilskapleg bilete sjølv på dette tidlege stadiet er kalkylen for byggjeprosjektet uvanleg detaljert. Summane er henta frå seks underbudsjett med til saman 134 postar. Dette gjer det mogleg å dokumentere føresetnadene for kvar einaste sum, og i seinare fasar av byggjeprosjektet fram mot kontrahering kan ein følgje eventuelle endringar og vurdere konsekvensar.

Ut frå gode kalkylevettreglar er det vanleg å rekne med slike marginar for uføresette kostnader:

• Skisseprosjekt +/- 25 prosent
• Forprosjekt +/- 15 prosent
• Detaljprosjekt +/- 10 prosent
• Kontrahering +/- 5 prosent

Desse marginane kan altså gå begge vegar. Ein margin for uføresette kostnader på 4,8 millionar kan innebere at byggjesummen blir inntil 4,8 millionar lågare og 4,8 millionar høgare.

Ein kalkyle for uføresette kostnader inneber ikkje at desse vil gå med, verken i pluss eller minus. Ein vonar sjølvsagt at ein har treft innertiaren. Alt er gjort som kunne gjerast i denne fasen for å gi ein så presis sum som mogleg for Vinje-senteret.

Den endelege prisen er ukjend til ein set to strek under byggjerekneskapen etter byggjetida, helst også reklamasjonstida på tre år etter overtaking. Prisane vil også variere med lokale forhold og tilgang på leverandørar, og marknadssituasjonen kan medføre gode prisar dersom konkurransen hardnar til og arbeidsløysa veks. Slik kan prosjekt bli rimelegare i nedgangstider enn når økonomien er under press.

Truleg vil det koste inntil 24,0 millionar 2016-kroner eks. mva å byggje Vinje-senteret. Då er 4,8 millionar eller 25 prosent i uføresette kostnader rekna med.

Det kostar å byggje om og oppgradere, men det kostar meir å byggje alt nytt. Dei faktiske kostnadene varierer frå stad til stad, frå bygning til bygning. Nybygg i seinare år har kosta frå 27 000 til 41 000 kroner per m2, ombyggingar frå 20 000 og oppover til 52 900 per m2.. Ut frå skisseprosjektet for nybygg og ombygging vil Vinje-senteret koste inntil 34 500 per m2 BTA.

Basisutstilling

Det er ein god tommelfingerregel at ein kvadratmeter utstilling kostar om lag like mykje som ein kvadratmeter nybygg. Nokre basiskostnader er om lag dei same anten utstillinga er stor eller liten. Det gjer at kvadratmeterprisen for små utstillingar gjerne blir større enn for store.

Kostnaden blir likevel svært påverka av kva løysingar ein vel og korleis ein arbeider med slike prosjekt. Høgteknologiske løysingar kostar i investering, ofte også i drift. I prosjektplanen er kostnadene dokumenterte for åtte nyare basisutstillingar. Dei har kosta frå merkeleg låge 9500 til uvanleg høge 52 900 kroner.

På grunnlag av kjende tal og velprøvd røynsle er det laga ein investeringskalkyle også for basisutstillinga i Vinje-senteret. Reine byggjekostnader er tekne med i investeringskalkylen for om bygging og nybygg. Kalkylen er forma ut frå tre ulike kvadratmeterprisar. Difor er det rekna med lågare marginar for uføresette kostnader her enn for skisseprosjektet.

Ut frå dette vil basisutstillinga koste frå 5,0 millionar til 7,2 millionar. Mest sannsynleg vil kostnaden utgjere om lag 6,1 millionar kroner. Ein kvadratmeterpris på 30 000 er midt på treet når ein jamfører med andre nyare museum. Kalkylen er moderat, samsvarar godt med den venta byggjeprisen for Vinje-senteret og føreset ein noko høgare kvadratmeterpris enn i Hauge-senteret, der kostnadsramma var svært pressa.

Vinjar samfunnshus

Dei fleste av merknadene til drøftingsframlegget til prosjektplan gjaldt behovet for utøvargarderobe og tilkomst til Vinjar samfunnshus. Desse tiltaka er tekne med i arbeidet med skisseprosjektet og kalkylearbeidet, sjølv om dette strengt teke låg utanfor oppdraget. Vurderinga var at det var mest kostnadseffektivt å gjere dette no, så veit både kommunen, brukarane og Vinjarlaget kva det handlar om.

Kostnadene med ombygginga i underetasjen på Vinjar dekkjer desse tiltaka: trappeheis til underetasjen, utøvargarderobe og del av felleskostnader.

Kalkylen viser ein sannsynleg kostnad på vel 1,0 millionar for den ombygginga som må til på Vinjar samfunnshus. Då er utføresette kostnader på 0,2 millionar eller 25 prosent rekna med er rekna med. Det inneber at sluttsummen kan bli ned mot 0,8 millionar.

Ombygginga for Vinjar vil ut frå dette koste inntil 20 840 per m2B BTA.

Driftsbudsjett

Prosjektplanen skisserer ein framdriftsplan over fire år og ein strategi for oppbygging av drifta ved Vinje-senteret. Gitt desse føresetnadene må inntektene auke frå 2,6 millionar i år 1 til 6,0 millionar i år 4.

Dette svarar godt til utviklinga i rekneskapane for Hauge-senteret 2012–2015. Tala er også ganske like dei summane Nynorsk kultursentrum presenterte i eit møte med Vinje kommune alt hausten 2013.

Eigeninntektene vil vere låge før Vinje-senteret kjem i full drift. Det meste av eigeninntektene er billettar og butikksal.

Litteraturdagane i Vinje vil forhandle med Nynorsk kultursentrum om å gjere festivalen til ein del av Vinje-senteret. Det ville vere feil å føresetje eit bestemt utfall av dei forhandlingane. Festivalen er difor ikkje rekna med verken på inntekts- eller kostnadssida. 

Finansiering

Vinje-senteret er tenkt som eit fagleg spleiselag. Nynorsk kultursentrum legg inn all sin kunnskap i prosjektet. I arbeidet med å utvikle Vinje-senteret er alle røynsler frå arbeidet i Aasen-tunet og Hauge-senteret utnytta. Kostnaden ville ha vore stor om desse erfaringane skulle utviklast på eiga hand frå grunnen av.

Økonomisk blir det eit klassisk norsk spleiselag. Det er ein hevdvunnen modell i norsk kulturpolitikk at stat og region deler på dei offentlege tilskota til bygging og drift.

For investeringsprosjekt av typen nybygg, ombygging og basisutstillingar var det lenge ei fordeling slik at staten dekte inntil 40 prosent og regionen 60 prosent. I seinare år har dette endra seg i retning 30 prosent stat og 70 prosent region. Prosjektplanen inneheld detaljerte finansieringsbudsjett der den delen som må vere offentlege tilskot, er sett opp med 30 prosent stat, 20 prosent fylkeskommune og 50 prosent kommune.

For drift har derimot modellen vore 60 prosent stat og 40 prosent region. I den strategiske kulturplanen sin presiserer Telemark fylkeskommune denne modellen til 60 prosent stat, 20 prosent fylke og 20 prosent kommune.

Før dei første søknadene kan sendast, bør skisseprosjektet for bygging og ombygging gjennom eit forprosjekt der dei usikre faktorane er rekna til +/i 15 prosent.

Alle summane i investeringsbudsjetta er 2016-kroner, medan det er rekna med to prosent løns- og prisvekst i driftsbudsjetta for år 1–4.

Ei mogleg fordeling av offentlege tilskot til bygging av Vinje-senteret er at staten yter nær 6,9 millionar medrekna gåveforsterking, Telemark fylkeskommune om lag 4 millionar og Vinje kommune inntil 10,1 millionar. I tillegg bør ein rekne med 3,0 millionar i private midlar.

Ei mogleg fordeling av offentlege tilskot til basisutstillinga er at staten yter nær 2,1 millionar medrekna gåveforsterking, Telemark fylkeskommune om lag 1,2 millionar og Vinje kommune omlag 3,1 millionar. I tillegg bør ein rekne med 750 000 i private midlar.

Driftsbudsjetta føreset årlege tilskot frå Vinje kommune som aukar frå 800 000 i år 1 til 1 200 000 i år 4. Tilsvarande løyvingar frå Telemark fylkeskommune er rekna med som 600 000 i år 1 og 1 200 000 i år 4. Dette legg grunnlaget for årlege løyvingar frå Kulturdepartementet som aukar frå 1 200 000 i år 1 til 3 200 000 i år 4. Eigeninntektene aukar til nærmare 0,7 millionar i driftsår 4.

 

Redigerte utdrag frå kapittel 31 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016