Dikting
Midtbø, bustaden til Tarjei og Halldis Moren Vesaas frå 1934.Foto: Signe Marie Kittelsaa

Dikting

Norsk litteraturhistorie er ei fleirspråkleg forteljing. Det tok til med skriving og dikting på norrønt i mellomalderen og heldt fram som skrifter på dansk fram mot 1800-talet. Etter kvart tok det norske over og enda i ein språkdelt norsk kultur med to skriftlinjer – nynorsk og bokmål. Frå Vinje har det kome uvanleg mange diktarar på nasjonalt og internasjonalt nivå dei siste 150 åra, alle på nynorsk. Den forteljinga er enno ikkje skriven. Det er heller ikkje det skiftande samspelet mellom dikting og journalistikk.

Nokre historiske linjer

Norsk litteraturhistorie er ei fleirspråkleg forteljing. Det tek til med skriving og dikting på norrønt i mellomalderen, held fram som skrifter på dansk fram mot 1800-talet, etter kvart med mange norske innslag, og ei munnleg dikting og tradering på dialekt i like lang tid før den språkdelte norske kulturen får to skriftlinjer – nynorsk og bokmål.

Etter 1814 var diktinga i Noreg eittspråkleg berre i om lag 50 år. Frå og med bøker som Symra av Ivar Aasen i 1863 og Diktsamling av A.O. Vinje i 1864 var to litterære skriftkulturar under utvikling. Heile tida var der dikting på dialekt, men denne blei tradert og dermed formidla på andre måtar enn den trykte diktinga. Når anonym dikting og tradisjonsdikting kom på trykk, var det som kollektive uttrykk for det som blei kalla folkedikting, ikkje som individuelt skapte verk. I meir formelle former, til dømes som enkeltbøker, har dikting på dialekt gjort lite av seg utanfor songlyrikken. Prosaen har nok heile tida vore meir språkleg normert enn lyrikken.

Der er ulike språklege tyngdepunkt innanfor den norske litteraturen. I norsk skjønnlitteratur dominerer prosa meir i bokmål enn i nynorsk, medan lyrikk og drama har gjort meir av seg på nynorsk.

Det forteljande diktet, eposet, er ei av grunnformene i verdslitteraturen. Etter kvart som skriftkulturane blei meir dominerande, glei mykje av denne diktinga truleg over i den moderne romanen, som tok form frå 1700-talet. Lenge var der også vage skilje mellom epos og historisk framstilling. Der har vore ei rørsle i retning av kortare dikt i norsk litteratur det siste hundreåret, men utover på 2000-talet er det poetar som har dikta seg inn i den klassiske eposforma, i ubunden form.

Innanfor skjønnlitteraturen sett under eitt var lyrikken lenge det nynorske tyngdepunktet. Skiljet mellom song og dikt har ikkje til alle tider vore så skarpt som i vår tid, og songen har like sidan Ivar Aasens tid vore ein viktig kanal for nynorskbrukarane. I 1920-åra var kvar fjerde lyrikkbok nynorsk, medan kvar tredje lyrikkbok dei seinare tiåra har vore på nynorsk. Også denne analysen treng eit sikrare fundament for å kunne bli ståande. 


Diktarar frå Vinje og vidare omkring

Dei tradisjonane for skrift som festna seg i Vest-Telemark på 1700 og 1800-.talet, blei til ny dikte- og skrivekunst. Grunnlaget var tradisjonsdikting av ukjent opphav, som «Draumkvedet».

Ut av desse tradisjonane voks det fram ei dikting som gjorde Vinje til ein meir litterær kommune enn dei fleste i landet. Tradisjonssongen glei over i moderne songlyrikk, og forteljekunsten blei til prosakunst. Namnerekkja er formidabel: A.O. Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Stein Versto, Odd Nordstoga, Kjersti Rorgemoen, Erlend Kaasa, Ingebjørg Bratland. Ein kan nok finne slike klynger av forfattarar på andre mindre stader og regionar også. Det spesielle er at dei alle saman høyrer heime på den nasjonale og/eller internasjonale scena.

Der går ei 150 år lang linje frå Vinje til Versto som syner noko av det som skjer når ein litterær tradisjon tek form. Tarjei Vesaas debuterte som talar nettopp i Vinjestoga, og han las ofte dikt av han på ungdomslagsmøte. Det var i journalistikken han viste det største repertoaret, meinte Halldis Moren Vesaas. Eg trur Tarjei Vesaas kjende at A.O. Vinje hadde rydda veg for han, men han skreiv aldri noko om det, konstaterer Olav Vesaas. Og Vesaas rydda veg for andre. Stein Versto las så godt som heile forfattarskapen hans på nokre månader då han var i 17-årsalderen.

A.O. Vinje tok til i sakprosaen, utvida skriftfeltet sitt til lyrikk då han i 1858 sette i gang Dølen som den første avisa på nynorsk, og var som ein av få like god poet som journalist. Aslaug Vaa debuterte først som poet då ho var 45 år gamal, gav ut sju samlingar dikt, som ho kalla poetisk tenking, der mange dikt no er blant dei norske klassikarane. Som Vinje tok Tarjei Vesaas med seg all sin tradisjon inn i diktinga, men heldt folklorismen på ein diktararms avstand, blei ein av dei store prosaforteljarane og skapte verk som no er omsette til 35 språk. Halldis Moren Vesaas skreiv eigne dikt og gjendikta dramatikk og annan verdskunst til nynorsk, og var Diktardronninga då ho gjekk bort i 1995.

Stein Versto tok steget inn i litteraturhistoria med noveller og når i dag lengst ut som songlyrikar for Odd Nordstoga. Han har på si side også skrive historie med tekstar og melodiar som raskt kom på folkemunne. Erlend Kaasa har så langt profilert seg som romanforfattar, og songartisten Ingebjørg H. Bratland båe diktar til eigne melodiar og gjendiktar andre, som då ho i 2015 gav Bob Dylan nytt liv i Noreg med «For at eg elskar deg».


Tre spørsmål

Er autentisiteten under press?

Den litterære samtidsdokumentasjonen, iallfall den som gjeld den skapande og formande prosessen, kan på kort tid bli mangelfull. Med ikt er det handskrivne eller maskinskrivne manuskriptet i ferd med å bli rein historie. Digitale manuskript er no standarden. Likevel finst det enno interessante handskrifter, og der er forfattarar som framleis har notatboka med seg nært sagt over alt. Innsynet i skriveprosessen blir likevel avgrensa og meir avhengig av kva forfattaren sjølv fortel. I den grad litteraturen blir til mellom notatbøkene og bloggane, må litterære museum vere obs på dette varierte skriverommet. Og kva då med den sms-en som blei til ei setning i ein roman?

Blir forfattarstadene borte?

Forfattarlivet har endra seg. Med det endrar også posisjonen seg for diktarbustaden, forfattarhuset, skrivehytta. Knut Hamsun reiste mange stader for å skrive. Det gjer også svært mange av forfattarane i dag. Faglitterære forfattarar har gjerne studieopphald ved lærestader i utlandet. Skjønnlitterære forfattarar arbeider også i meir tidstypiske former, og der blir bustadhuset gjerne mindre viktig. Diktarheimen kan altså få ein lågare status enn tilfellet er med Alstahaug, Aulestad, Arbins gate, Knudaheio, Kolbotnen, Labråten, Nørholm, Bjerkebekk. Samstundes er stader framleis relevante når spørsmål om identitet melder seg, språkleg, kulturelt m.m. Kva slags forfattarstader som bør vernast for ettertida, er ein diskusjon ingen har opna til no.

Kva rolle kan dokumentarromanen spele i den digitale tida?

Den undersøkjande journalistikken gav alt tidleg verk som Ten days that shook the world (1919) av John Reed om den russiske revolusjonen og har lenge prega grenselandet mellom dikting og journalistikk. Klassikaren In Cold Blood (1969) av Truman Capote var ikkje lenger fullt så klassisk då kjeldebruken blei undersøkt. Romanen Kappløpet (1974) av Kåre Holt om Sørpol-ekspedisjonane 1910–1911 utløyste eit ordskifte der vitskapen utførte sin grensekontroll. Eit seinare hovudverk er Bokhandleren i Kabul (2002) av Åsne Seierstad. Med den amerikanske nyjournalistikken, friare journalistiske reportasjeformer og eit mylder av digitale tenester er kjeldebruken blitt meir subjektiv, samstundes som krava til ryddig kjeldebruk har auka i takt med at digitale kjelder gjer det lettare å leite seg lenger inn i stoffet. Det endrar også dei litterære rammevilkåra for ein del forfattarar.

 

Redigerte utdrag frå kapittel 7 i «Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret»

© Nynorsk kultursentrum 2016

Les heile prosjektplanen her (issuu)
Last ned og les heile prosjektplanen her (pdf)
Les samandraget av prosjektplanen her (pdf)