Vinje-bibliografi med ukjend Vinje-tekst
Omslag Vinje-biografien

Vinje-bibliografi med ukjend Vinje-tekst

I 1869 sa bergensarar at dei ikkje forstod kva Vinje sa då han heldt eit dusin foredrag i byen, og sju år seinare diskuterte mange i Lillesands-Posten om «Ferdaminni» var sømmeleg lesnad. Det går fram av «Vinje-bibliografien» som Ottar Grepstad har skrive. Det er blitt ei bok på 446 sider med to lange essay og 4400 innførslar over tekstar av og om Aasmund Olavsson Vinje 1843–2016.

Vinje var fødd 1818 og døydde i 1870. I 1860-åra laga han to sjølvbiografiar. Begge blei trykte den gongen, men Grepstad oppdaga at siste delen av den eine var blitt utelaten. Begge sjølvbiografiane er med i bibliografien og dermed trykte i bokform for første gong.

Over 2000 tekstar av Vinje

Bibliografien viser at Vinje skreiv vel 400 dikt og 1600 artiklar. Han skreiv på både dansknorsk, dialekt og nynorsk, og om lag to tredelar var på nynorsk.

Vinje var ein krønikeskrivar, oppsummerer Grepstad. – Han skreiv mest for tida og staden, var ein beundra folketalar og langt frå så tidlaus som verkutgåvene og litteraturhistoriene gir inntrykk av. Vinje publiserte nesten alt han skreiv, men fire av ti tekstar har aldri vore trykte i bok eller på anna vis etter at han døydde. 

Meir enn 1800 skrifter og program om Vinje

– Vinje-bibliografien er den første mursteinen i Vinje-senteret for dikting og journalistikk, seier Grepstad. I tillegg til alt det Vinje skreiv sjølv, fortel bibliografien også om 1869 dikt, artiklar, bøker, radio- og tv-program om Vinje. – Meiningsdanninga skjer fleire stader enn i avisspalter og bøker, og eg har funne nærmare 100 radio- og tv-program om Vinje.

Vinje stod ofte på talarstolar i hovudstaden. Først då han talte i Bergen hausten 1869, skreiv nokre avisinnlegg om at dei ikkje forstod kva han sa. Den store debatten i Lillesands-Posten våren 1876 var om «Ferdaminni fraa Sumaren 1860» høvde for bibliotek. Og heile tida gjorde nynorskmiljøet det dei kunne for å halde Vinje utanfor nasjonalromantikken.

Nesten 250 gjendiktingar og omsetjingar

– Edvard Grieg tonesette 15 Vinje-dikt i 1880. På få år var eit dusin Vinje-songar gjendikta til engelsk, tysk og fransk, og seinare blei det meir, fortel Grepstad. Han har funne nesten 250 gjendiktingar og omsetjingar av Vinje-tekstar. Dikt og prosa har kome ut på 11 språk. Berre av «Våren» finst det 26 gjendiktingar til engelsk.

Den første som gjendikta Vinje-songar til engelsk, var Mrs. John P. Morgan. – Eg måtte berre finne ut kven ho var, og den forteljinga tek til i Ohio, seier Ottar Grepstad.