Skodespel, musikk og lyrikk i Ferda-Vinje
Foto: Jon Severud

Skodespel, musikk og lyrikk i Ferda-Vinje

Produsent Magne Skjævesland reiser landet rundt med framsyninga Ferda-Vinje, som hadde premiere allereie i 2014. Til no har den blitt spelt over 380 gonger og femnar om eit breitt publikum, alt i frå elevar i grunnskule til bebuarar på eldreheim.

Sommaren i 1860 gjekk Aasmund Olavsson Vinje frå Kristiania til Trondheim og tilbake. Han var mellom anna mykje til stades under kroninga av den svensk-norske kongen Karl den 15. i Nidarosdomen 5. august 1860. Vinje skildra reisene sine året etter i boka Ferdaminne frå sumaren 1860. Naturen, kjærleiken og filosofiske tankar er sentrale i tekstane til Vinje. 

Ferda-Vinje har teke utgangspunkt i nettopp desse tekstane, og kombinerer skodespel, musikk og lyrikk. Aasmund miste mor si tidleg i livet og var ugift på det tidspunktet han skreiv tekstane. Framsyninga gir eit innblikk i Vinje sine møter med kvinner, blant anna budeia på Helaksetra i Vinje og den fine byfrøkna frå Kristiania, Drosi, som han treff på eimbåten på veg til Trondheim.

Skjævesland spelar Vinje og har med seg musikar og skodespelar Ingeborg Tollefsen på fele, song og i kvinnerollene. Musikar Andrea Cvetkovic spelar piano. Publikum får høyre folketonar og kjende melodiar, dei fleste av komponisten Edvard Grieg.

Skodespel, musikk og lyrikk i Ferda-Vinje
Foto: Fjuken

Magne Skjævesland er skodespelar og songar, og har vore med i blant anna teatergruppa Stella Polaris og Nordic Black Theatre. Han har hatt roller i blant anna dei norske filmane Mirush, Maskeblomstfamilien og Trolljegeren. Han starta Vinje produksjonar i 2007, som tek utgangspunkt i Vinje sitt liv og dikting. 

Framsyninga kan tingast ved å sende e-post til Magne Skjævesland.

Meir informasjon om kvar det er framsyning og om andre arrangement i Vinje-jubileet finn du her