Riksantikvaren gir Vinje-senteret dispensasjon

Riksantikvaren gir Vinje-senteret dispensasjon

Riksantikvaren har gitt Vinje-senteret dispensasjon frå kulturminnelova.

Det nye senteret for dikting og journalistikk skal halde til i ein ombygd skule som ligg innanfor sikringssona for ein gravhaug frå eldre jernalder i Vinje. Den gravhaugen blei skadd då skulen blei bygd i 1973.

Gravhaugen er eit automatisk freda kulturminne, og like ved ligg det to andre gravhaugar som den synlege delen av eit gravfelt. Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er svært glad for avgjerda. – Slike spørsmål skal ingen ta lett på. Vi har samarbeidd godt med Telemark fylkeskommune og hatt gode møte med Riksantikvaren, seier Grepstad. – No skal vi vise at vi forstår kva det betyr å forvalte det ansvaret som ligg i den positive avgjerda som Riksantikvaren har teke etter ei svært grundig vurdering.

I tillegg til ombygging av Vinje skule blir det også reist ein ny kontorfløy på staden. Nynorsk kultursentrum legg stor vekt på at verken ombygging, bygging eller drift av Vinje-senteret vil skade gravhaugen. – Vernestyresmaktene, Vinje kommune og vi har ei felles forståing av at det gjeld å halde desse vakre og uerstattelege kulturminna godt ved like. Ombygginga opnar ei ny siktlinje frå og til den nærmaste gravhaugen, og vi kjem til å bruke dette gravfeltet i nokre av dei forteljingane som Vinje-senteret skal gi publikum. Samla sett kan difor Vinje-senteret styrkje kulturminnevernet i området, seier Ottar Grepstad.