Over 1200 gjester på Vinje-jubileet i helga
Olav Nordstoga, Olav Vesaas og Ottar GrepstadFoto: Geir Netland

Over 1200 gjester på Vinje-jubileet i helga

– Det har vore ein overveldande respons frå publikum, og hovudmarkeringa i Vinje-jubileet blei ei god blanding av feiring og nytenking. Eg takkar den lokale arrangementskomiteen og alle dei gode hjelparane våre, seier leiar Jon Rikard Kleven i den nasjonale jubileumskomiteen for Vinje-jubileet.

Hovudmarkeringa i Vinje fredag–søndag samla over 1200 gjester på eit dusin arrangement med over 60 utøvarar og fleire titals frivillige.

Denne helga var det også store Vinje-arrangement andre stader. På Gran samla Gran Historielag og Gran bibliotek same helga fullt hus til seminaret Aasmund Olavsson Vinje på nært hald. I Oslo opna Nasjonalbiblioteket utstillinga Journalistikk – fridomens sjanger? og publiserte alle kjende tekstar av Vinje i Drammens Tidende som e-bok.

Over 1200 gjester på Vinje-jubileet i helga
Jon Rikard Kleven ved Vinjestøtta. Foto: Vinje kommune

Diktaren, journalisten, essayisten og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje var fødd 6. april 1818 og døydde 30. juli 1870. Vinje kommune tok i 2014 initiativet til ei nasjonal feiring, og hovudmarkeringa i Vinje blei gjennomført saman med Nynorsk kultursentrum. To nye bøker blei utgitt, Vinje kommune hadde kosta restaurering av Vinjestoga, og gjennom foredrag, samtalar og konsertar blei mange sider av Vinjes liv og verk dekte.

– På festmiddagen laurdag kveld forplikta både stortingspolitikarane frå Telemark og leiaren i hovudutvalet for kultur i Telemark fylkeskommune seg om Vinje-senteret for dikting og journalistikk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
– Det er ikkje lenger eit spørsmål om, men når Vinje-senteret kan opnast med eit komplett publikumstilbod.

Grepstad meiner Vinje kommune fortener stor takk for det ansvaret dei tek for å halde Vinjes forfattarskap i hevd.
– Berre på dette jubileet satsar Vinje kommune meir enn mange kommunar bruker på kulturtilbod eit heilt år, seier Grepstad.

Til no har det vore gjennomført meir enn 80 Vinje-arrangement mange stader i landet, og fleire hundre er under planlegging. A.O. Vinje blir også festivalprofil under Litteratrurdagane i Vinje 24.–26. august.
– Der er meir å seie om Vinje. Han trakka veg i ei brytingstid med kunne, klokskap og vri, og det vonar vi vil prege festivalen, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret. 

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870)

• Fødd i Vinje 6. april 1818
• Død på Gran på Hadeland 30. juli 1870
• Kommentator i Drammens Tidende 1851–1859
• Gav ut Dølen 1858–1870 og laga med det den første avisa på nynorsk
• Etablerte moderne journalistikk i Noreg, var ein omstridd forfattar og ein beundra folketalar
• Blei ein folkekjær lyrikar med verk som dikteposet Storegut, trykt i over 80 000 eksemplar
Ferdaminne fraa Sumaren 1860 er trykt i 150 000 eksemplar
• Gav ut 47 bøker, småtrykk og særtrykk
• Skreiv 1569 prosatekstar, 401 dikt og songar, og 22 gjendiktingar frå andre språk
• Dikt og prosa er omsett til 11 språk
• Skreiv på dansk-norsk og nynorsk – to av tre tekstar var på nynorsk

Meir informasjon
Jon Rikard Kleven, leiar i jubileumskomiteen, tlf. 909 70 143
Anders Sandvik, sekretær for jubileet, tlf. 954 07 593
Kristian W. Rantala, dagleg leiar Vinje-senteret, tlf. 410 17 255
Prosjektmedarbeidar Sunniva Lund Osdal, tlf. 970 20 117