Omvisar Vinjestoga i sommarsesongen
Foto: Vest-telemark museum

Omvisar Vinjestoga i sommarsesongen

Vinjestoga er nyrestaurert, og vi treng ein omvisar som kan imot publikum, halde omvisingar, selje billettar og stå for enkelt innandørs reinhald. Vi hjelper til med å utvikle manuskript til omvisingar som er fagleg oppdaterte og kan gi gjestene fleire perspektiv på A.O. Vinjes liv og verk.

Arbeidstida er på dagtid tysdag–søndag frå 1. juni til 15. august og under Litteraturdagane i Vinje 24.–26. august.

Du må like å møte gjester i ulik alder og med ulik bakgrunn og halde god orden. Du bør ha røynsle frå liknande arbeid og vere godt kjend med norsk kulturhistorie. I tillegg til at du kan snakke godt for deg på norsk, er det ein fordel om du snakkar minst eitt av språka engelsk, tysk eller fransk.

Vi gir grundig opplæring og tilbyd timeløn etter lokalt lønssystem. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Dagleg leiar er nærmaste overordna. Fleire opplysningar om stillinga får du hos dagleg leiar Kristian W. Rantala, tlf. 410 17 255.

OBS! Utvida søknadsfrist! Send søknad med referansar seinast fredag 4. mai 2018 til admin@vinjesenteret.no.

Vinje-senteret med Litteraturdagane i Vinje er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet, Hauge-senteret og Allkunne. Nynorsk kultursentrum har 20 fast tilsette og har budsjettert med inntekter på 33 mill. kr i 2018. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.