Nasjonal markering av A.O. Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er det uråd å bli ferdig med. Han sette ein standard for profesjonell journalistikk som er heilt unik. Fredag 6.–søndag 8. april 2018 ønskjer Vinje kommune velkomne til hovudmarkeringa av Vinje-jubileet 2018.

– Utan Aasmund Olavsson Vinje hadde Noreg vore eit anna land. Det er store ord, men gjennom Vinje-jubileet vil vi vise kva som skjedde, feire det han gjorde og snakke om kva som no ventar. Det er den beste måten å takke på, for same kva Vinje skreiv om, spurde han lesarane sine om kva fortida kunne brukast til i framtida, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Hovudmarkeringa tek til på Vinjar samfunnshus, der ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven legg blomar ved bauta. Vidare blir det fleire foredrag frå forfattarar og journalistar, samt ein debatt under leiing av journalist og forfattar Terje Svabø. Museum, Vinje-kafé og Vinje-butikk held opent under heile hovudmarkeringa. 

Laurdag blir det fleire foredrag på Vinjar samfunnshus og festkveld på Vinjehuset i Åmot med festtalar Linda Eide. Her får publikum høyre Det Norske Kammerorkester med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad og gruppa Livhøgg frå Vinje spelar opp til dans. Søndag er det messe med songar av A.O. Vinje, godbitar frå Ferdaminne og utvalde dikt og tonar med John Pål Inderberg, Ragnhild Vannebo og Øyvind Nygaard. 

Sjå heile programmet