Litteraturdagane blir ein del av Vinje-senteret
Litteraturdagane i Vinje, på Vinjar i 2014Foto: Anne Vesaas, Litteraturdagane i Vinje

Litteraturdagane blir ein del av Vinje-senteret

Frå 2018 blir Litteraturdagane i Vinje ein del av Vinje-senteret for dikting og journalistikk som Nynorsk kultursentrum no bygger opp. Når festivalen opnar i Vinje fredag 25. august, er det altså siste gongen medlemslaget Litteraturdagane i Vinje står som arrangør.

– Me er trygge på at Litteraturdagane i Vinje er i dei beste hender når Nynorsk kultursentrum no tek over, seier leiar Aud Groven i medlemslaget. – Festivalen vil utvikle seg i positiv lei og over den lesten som er godt innarbeidd.

Litteraturdagane i Vinje har vore arrangerte kvart år sidan 2001. – Det forpliktar å bli vist tillit frå eit miljø som over mange år har brukt tid og krefter på å skape ein svært god litteraturfestival, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Initiativ frå festivalen

Medlemslaget Litteraturdagane i Vinje vedtok på årsmøtet i fjor å be om forhandlingar med Nynorsk kultursentrum om overtaking av festivalen. Like før sommarferien møttest partane i Vinje.

– Det var eit kjekt møte som viste at vi tenkte svært likt om korleis festivalen bør drivast vidare, seier Grepstad. – Festivalarrangørane ville sikre framtida for festivalen og gjere sitt til at Vinje-senteret blir best mogleg. Avtalen stadfestar dermed kor sterk oppslutninga om Vinje-senteret er.

Avtale med klar arbeidsdeling

Avtalen om overtaking inneber at ansvaret for program, økonomi og organiserling ligg hos Nynorsk kultursentrum. Festivalen får et programråd der to av fem medlemmer skal oppnemnast etter forslag frå medlemslaget, som mellom anna også får høve til å stå for eit eige arrangement på kvar festival. 

– Vi vil gjere det vi kan for å ta vare på alt det gode som Litteraturdagane i Vinje har oppnådd til no, frå eit ambisiøst program til mange frivillige, seier Grepstad. På opningsdagen under festivalen om to veker inviterer Nynorsk kultursentrum medlemmene i laget til eit eige informasjonsmøte.

Med denne avtalen driv Nynorsk kultursentrum tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke frå 2018. Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda, Ulvik poesifestival i Ulvik og Litteraturdagane i Vinje skal ha kvar sine tydelege programprofilar. – Poesifestivalen og Festspela har alt påverka kvarandre positivt, og med Litteraturdagane får vi endå betre kort på handa, seier Ottar Grepstad.

 

 

Les heile avtalen her:

Last ned filSignert avtale om overtaking og vidare utvikling av Litteraturdagane i Vinje(1 3 9 5kb)

 

 

Meir informasjon

Leiar Aud Groven, Litteraturdagane i Vinje, tlf. 907 65 108

Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 70 eller 906 16 727