Feirar A.O. Vinje med dikt, Dylan og debatt

Feirar A.O. Vinje med dikt, Dylan og debatt

Laurdag 1. april blir 199-årsdagen til A.O. Vinje feira på Vinjar samfunnshus i Vinje med Vinje-dikt, Bob Dylan på nynorsk og debatt om kva slags kulturinstitusjonar Noreg treng. Publikum får høyre om ord og ordsamlarar frå Vest-Telemark, og dei som kjem, kan ta med seg ei overrasking heim.

A.O. Vinje var fødd 6. april 1818, og som før samarbeider Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum om feiring av dagen. I år er det leiar Svein Harberg i familie- og kulturkomiteen i Stortinget som legg blomar ved statuen av A.O. Vinje.

Grautpinne og journalistikk

Feiringa opnar og sluttar med Tom Roger Aadland. Han har gjendikta songar av Bob Dylan på ein måte som gjer djupt inntrykk same kvar han syng. A.O. Vinje kjem sjølv til orde når Erik Gjestvang framfører noko av det han dikta og skreiv.

Vinje-senteret for dikting og journalistikk er no inne i etableringsfasen. Difor inviterer arrangørane til debatt om kva slags kulturinstitusjonar Noreg treng no. Mellom dei som er med, er Svein Harberg (H) og Tone Berge Hansen (Sp).

Tidlegare prosjektdirektør Kristin Bakken i Norsk Ordbok slektar frå Telemark. Ho fortel om ord og ordsamlarar frå Vest-Telemark. Erik Gjestvang framfører dikt av Vinje slik berre han kan gjere det.

Overrasking i vente

Denne dagen publiserer direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum «Bibliografi over skrifter om A.O. Vinje». Han fortel om korleis Vinjes forfattarskap er blitt lesen i ettertid, og kva han fann då han leita i feil avis.

Ordførar Jon Rikard Kleven helsar vel møtt og avsluttar det heile med å ønskje velkomen til det nasjonale 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018.

PROGRAM
LAURDAG 1. APRIL

12.00 Vinjar samfunnshus, Vinje
199-årsfødedagen til A.O. Vinje
12.00 Tom Roger Aadland: ein song
12.05 Velkomen ved ordførar Jon Rikard Kleven
12.15 Kristin Bakken: Ord og ordsamlarar frå Vest-Telemark i Norsk Ordbok
12.45 Graut og grautpinne
13.30 Erik Gjestvang framfører Vinje-tekstar
13.45 Ordskifte: Kva slags kulturinstitusjonar treng Noreg no?
Med mellom andre Svein Harberg (H), leiar familie- og kulturkomiteen Stortinget og
Tone Berge Hansen (Sp), leiar hovudutvalet for kultur, Telemark fylkeskommune
14.40 Allsong: «Vise til og om Ægtemanden Vinje» (1869)
14.45 Kringle og kaffi
15.00 Ottar Grepstad: Korleis er A.O. Vinje blitt forstått i ettertid?
15.30 Tom Roger Aadland: Dylan på nynorsk
16.00 Blomar ved bauta
Svein Harberg legg blomar ved Vinje-statuen
Allsong: «Blåmann»

Arrangørar: Vinje-senteret og Vinje kommune