Bestevenn med Blåmann
Foto: Kai Hovden

Bestevenn med Blåmann

Dokketeater-framsyninga Blåmann er Folkeakademiet sitt bidrag til 200-årsjubileet for A.O. Vinje. I år blir Vinje feira med over 200 arrangement på 60 stader i landet, og torsdag 8. februar var det premiere på dokketeateret i Valle.

Tema som vennskap og lengsel er sentrale når dokkespelaren Siw Elena Skinnemoen og dottera Eirin Skinnemoen reiser rundt i landet med ei heilt ny framsyning for barnehagar. Dokketeateret er inspirert av den populære barnesongen Blåmann, blåmann bukken min, skriven av Aasmund Olavsson Vinje i 1860. Skinnemoen har laga ei lun og varm framsyning av historia, fylt med humor, og inviterer alle til å bli med og synge.

Bestevenn med Blåmann
Foto: Hanne Larsen

– Det har vore fint å få dette oppdraget og spennande å skape Blåmann-framsyninga. Vi gler oss til å reise landet rundt med stykket og håpar det vekkjer undring over Aasmunds liv og den tida han levde i. Vi har lagt vekt på at barna skal kjenne seg att i vennskapen mellom Aasmund og Blåmann, seier Siw Elena Skinnemoen.


Siw Elena Skinnemoen er utdanna barnevernspedagog og forteljar og er barneteaterinstruktør. Ho har tidlegare turnert med framsyningane Katt, Bukkane Bruse og Hokus og pokus – bli med og syng. Eirin Skinnemoen går på dramalinja på vidaregåande skule.

Bestevenn med Blåmann
Foto: Eirin Skinnemoen

Barneframsyninga kan tingast her eller på Folkeakademiet.no. Der finn du også songteksta, melodien og kjekke blåmannaktivitetar.

Meir informasjon om kvar dokketeateret skal ha framsyning og om andre arrangement i Vinje-jubileet finn du her