A.O. Vinje på talarstolen 1859–1870
Arbeiderforeningens Festsal i Bergen 1860Foto: Johan Bøgh

A.O. Vinje på talarstolen 1859–1870

Vinje var mannen for dei mange merkelappane. Den første moderne journalisten. Den romantiske poeten. Den skarpe observatøren. Den tvisynte essayisten. Den karnevaleske kritikaren. Den merkverdige.

Det som sjeldan blir snakka om, er talaren Vinje. Då går ein forbi ein vesentleg inngang til denne forfattarskapen. Kor mange talar han heldt, er uråd å seie sikkert, men i aviser, Dølen og andre skrifter er 57 talar trykte in extenso eller refererte meir eller mindre utførleg.

I fleire høve der manuskripta manglar, har fleire aviser referert frå talane og gir med det eit fyldigare bilete enn om der berre var eitt referat. Minst eit dusin av talane har aldri vore trykte i bokform.

Last ned pdf