A.O. Vinje – til inspirasjon for alle!
Foto: Jørn Haakenstad

A.O. Vinje – til inspirasjon for alle!

A.O. Vinje var ein stor diktar, målmann, nasjonsbyggar og journalist. I Gran på Hadeland levde Vinje sine siste dagar. Onsdag 14. mars inviterer Hadeland dialekt- og mållag og Steinhusets Venner til opning av "Vinje-jubileet 2018 i Gran" og utdeling av Dialekt-prisen.

Opninga av jubileet ved ordførar Willy Westhagen, har språk, musikk og humor på programmet. Publikum får blant anna ord og tonar ved Maria Høgetveit Berg og mannen Hallgrim Berg. Høgetveit Berg heldt også minnetalen over Vinje 17. mai 2013. Hadeland dialekt- og mållag deler ut Dialekt-prisen for Hadeland 2018 og her kan du nominere kandidatar til og med 25. februar.

A.O. Vinje – til inspirasjon for alle!
Maria H. Berg, foto: privat

– Vinje var ein sta mann, men samstundes lyttande og høyrde på andre argument. Han kunne le med det eine auget, og gråte med det andre. Tidlegare i vår, då Hadeland vidaregåandeskole hadde fagdag, skreiv elevane ned adjektiv som dei meinte passa godt til Vinje. Ingrid Heier Jorstad kom med «Vinjestyrke – han må ha vore vinjesterk!», og det har jo Ingrid heilt rett i, seier Reidun Ramse Sørensen i Hadeland dialekt- og mållag.

Maria Høgetveit Berg har vore generalsekretær i AFS Norge internasjonale utveksling, lærar og kultursjef i Ål. Ho er aktiv i lokalt og nasjonalt kulturliv og var tidlegare leiar i Noregs mållag FolkOrg og styremedlem i Det Norske Teatret. 

A.O. Vinje – til inspirasjon for alle!
Hallgrim Berg, foto: Ole J. Brye
Hallgrim Berg er utdanna lektor med historie som hovudfag. Han har vore stortingsrepresentant i 16 år og er ein samfunnsdebattant, mykje brukt som foredragshaldar og underhaldar i alt frå musikk og moro til politiske tema. 

Nominasjon av kandidat til Dialekt-prisen, med ei kort grunngjeving, sender du til marisvenbalrud@gmail.com 

Meir informasjon om arrangement i Vinje-jubileet 2018 finn du her