– Vi blir aldri ferdige med Vinje
Foto: Vinje, teikning av Finn Graff, 1983

– Vi blir aldri ferdige med Vinje

– Vi blir aldri ferdige med Aasmund Olavsson Vinje. Han var så moderne og så lite A4 i diktinga og journalistikken at det er nødvendig å feire og minnast livsverket hans i heile år.

Det sa leiar Jon Rikard Kleven i den nasjonale jubileumskomiteen då han torsdag presenterte programmet for Vinje-jubileet 2018 på Det Norske Teatret i Oslo. Der urframførte Tom Roger Aadland ein nyskriven song av Kjartan Fløgstad til sin eigen melodi.

To tyngdepunkt blir ei hovudmarkering i Vinje 6.–8. april og ei Vinje-helg i Oslo 26.–28. oktober. Alt no er bort imot 200 arrangement og jubileumstiltak på 60 stader i landet klare eller under planlegging. Det gjer jubileet større enn feiringane i 1918 og 1968. I år blir Vinje feira med alt frå dokketeater, skrivekonkurranse og vandringar til foredrag, konsertar og seminar, og verka hans vil prege mange språk- og litteraturfestivalar.

Den første og den skarpe

A.O. Vinje (1818–1870) publiserte dikt, artiklar, essay og bøker frå 1845 til 1870. Han er blitt kalla den første moderne journalisten, den romantiske poeten, den skarpe observatøren, den tvisynte essayisten, den karnevaleske kritikaren, og den merkverdige. Vinje skreiv vel 400 dikt, 1600 artiklar og essay, gav ut 47 bøker, småtrykk og særtrykk, og er omsett til 11 språk.

Vinje skreiv fleire hundre kommentarar i Drammens Tidende. For første gong blir desse samla i ei bok, og Samlaget gir ut fleire Vinje-bøker på nytt. Vinje-biografien av Olav Vesaas frå 2001 kjem i ny utgåve, og i fjor haust gav Ottar Grepstad ut den store Vinje-bibliografien som dokumenterer heile forfattarskapen.

Frå dokketeater til forskarkonferanse

– Interessa for jubileet er stor, og det gjer inntrykk på oss at så mange vil feire A.O. Vinje, seier ass. rådmann Anders Sandvik i Vinje kommune. Han har vore sekretær for jubileet og listar opp utdrag frå det omfattande jubileumsprogrammet:

Gran dialekt- og mållag har samordna eit ambisiøst program gjennom året som ordførar Willy Westhagen dreg i gang i mars. Folkeakademiet har utvikla ei dokketeater-framsyning frå songen «Blåmann» som blir spelt for barnehagar over heile landet. Det digitale oppslagsverket Allkunne publiserer nyskrivne tekstar om Dølen og alle andre nynorskaviser.

Telemark kulturnettverk har fått fram arrangement for solistar, kor og korps av ei rekkje Vinje-songar. Nye tekstar av forfattarar om, til eller i samspel med A.O. Vinje kjem på Vinjesenteret.no. Mange språk- og ltteraturfestivalar planlegg Vinje-arangement. Nasjonalbiblioteket lagar utstilling om Vinje og journalistikken, Olav H. Hauge-senteret om poesien i Vinjes dikt og prosa. Elevar i heile Noreg blir inviterte til skrivekonkurranse om Vinje. Tord Gustavsen lagar tingingsverk om «Ferdaminne».

Slik programmet er no, avrundar Høgskolen Sørøst Norge Vinje-jubileet med ein stor forskarkonferanse seint i november. 20 forskarar har alt meldt inn innlegg.

Planlagt i fire år

Vinje-jubileet 2018 har vore planlagt i fire år. Kleven er ordførar i Vinje kommune, og det var kommunen som i 2014 tok initiativet til å feire 200-årsjubileet. Både ein nasjonal, ein regional og ein lokal komité har vore i arbeid.

Jubileet er ein nasjonal dugnad der arrangørane stort sett finansierer tiltaka sine sjølve. – Berre på dette jubileet satsar Vinje kommune meir enn mange kommunar bruker på kulturtilbod eit heilt år, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret. – Til jubileet kostar Vinje kommune jamvel restaurering av Vinjestoga, der Vinje voks opp.

Den offisielle nettstaden for jubileet er Vinjesenteret.no. Der blir fleire ukjende skrifter av Vinje publiserte i tida framover, publikum finn oppdatert informasjon om alt som skjer, arrangørane finn det dei treng, og emneknaggane er klare. – Med Vinje-jubileet 2018 får Vinje-senteret for dikting og journalistikk den rolla som denne nye kulturinstitusjonen bør ha, konstaterer Rantala.

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870)

• Fødd i Vinje 6. april 1818
• Død på Gran på Hadeland 30.6.1870
• Kommentator i Drammens Tidende 1851–1859
• Gav ut Dølen 1858–1870 og laga med det den første avisa på nynorsk
• Etablerte moderne journalistikk i Noreg, var ein omstridd forfattar og ein beundra folketalar
• Blei ein folkekjær lyrikar med verk som dikteposet «Storegut», trykt i over 80 000 eksemplar
• «Ferdaminne fraa Sumaren 1860» er trykt i 150 000 eksemplar
• Gav ut 47 bøker, småtrykk og særtrykk
• Skreiv 1569 prosatekstar, 401 dikt og songar, og 22 gjendiktingar frå andre språk
• Dikt og prosa er omsett til 11 språk
• Skreiv på dansk-norsk og nynorsk – to av tre tekstar var på nynorsk 

Vinje-jubileet 2018

• Skal opne A.O. Vinjes songar og journalistikk for nye generasjonar, gjere det lettare å bruke nynorsk på Austlandet og gi lærarar og elevar spennande møte med skriftene hans
• Bort imot 200 arrangement og tiltak er alt klare eller under planlegging
• Det blir jubileumsarrangement på minst 60 stader i Noreg
• I den nasjonale komiteen sit representantar for Det Norske Samlaget, Det norske Teatret, Nasjonalbiblioteket, Norsk Journalistlag, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune, Vinje kommune, dessutan Vinje-biografen Olav Vesaas

Meir informasjon
Jon Rikard Kleven, leiar i jubileumskomiteen, tlf. 909 70 143
Anders Sandvik, sekretær for jubileet, tlf. 954 07 593
Kristian W. Rantala, dagleg leiar Vinje-senteret, tlf. 410 17 255
Prosjektmedarbeidar Sunniva Lund Osdal, tlf. 970 20 117