Vinje-senteret

I 2021 opnar Nynorsk kultursentrum Vinje-senteret i Telemark, med eit komplett publikumstilbod. Men alt no er senteret operativt med ulike kulturarrangement og omvisingar i Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje, ei typisk husmannsstove frå 1800-talet.

Vinje-senteret skal bli eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter på internasjonalt nivå. Grunnsteinen er nynorsk, men senteret skal og arbeide med dikting og journalistikk på både nynorsk og bokmål. Vinje-senteret skal dokumentere og formidle prosakunsten i diktinga og forteljingar i journalistikken si rolle i Noreg. Dette vil vere det einaste muse av sitt slag i Noreg og det finns heller ikkje i mange andre land.

Fleire store forfattarar kjem frå Vinje eller har tilknyting der. Grunnlaget for senteret er dei fire V-ane – Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa som alle både skapte verdslitteratur i Vinje og fekk verdslitteratur til Vinje. Senteret ligg på fødestaden til Aasmund Olavsson Vinje.

På seinsommaren kvart år arrangerer Nynorsk kultursentrum og Vinje-senteret Litteraturdagane i Vinje. Festivalen er ein festival med lågt budsjett og høg kvalitet som legg vekt på litteratur og journalistikk. Litteraturdagane har hatt mange kjende nynorske forfattarar og skribentar på programmet opp igjennom åra.