Magnus Brostrup Landstad

    Magnus Brostrup Landstad, diktarprest og folkevisesamlar som er særleg kjend for å ha gitt ut Norske folkeviser og Kyrkjesalmebok. Han ville fremje utviklinga av eit nytt, norsk språk på 1800-talet, og i dette spørsmålet rådførte han seg med Ivar Aasen.

    Magnus Brostrup Landstad
    Magnus Brostrup Landstad

    Magnus Brostrup Landstad var fødd 7. oktober 1802 i Måsøy i Finnmark og døydde 8. oktober 1880 i Kristiania. Han voks opp i Vinje og Seljord.

    Etter examen artium i 1822 studerte Landstad teologi ved Universitetet i Kristiania til 1827. Han var huslærar på Hadeland i 1825–26, residerande kapellan i Gausdal i 1828, sokneprest i Kviteseid frå 1834, og frå 1839 i Seljord. Ni år seinare vart han utnemnd til sokneprest i Fredrikshald (Halden), og frå 1859 til 1876 var han sokneprest i Sandar i Vestfold.

    I Fredrikshald var Landstad formann i skulestyret, kom med i Sunnhedskommisjonen og ivra for bygging av arbeidarbustader.

    Debutboka til Landstad var ei samling salmar og religiøse dikt med tittelen Hjertesuk til hver dag i ugen (1841). Boka kom i fleire opplag. Han publiserte elles salmar og dikt i ulike blad og gav ut eit titals bøker. Landstad var, som I.C. Dahl og A.O. Vinje, oppteken av fortidsminnebevaring i ei tid då det herska rivingsfeber av gudshus landet over. Landstad tok del i ordskiftet. Diktet «Suk fra Gamle Akers kirke» i Christianiaposten i 1851 var eit forsøk på å redde den rivingstrua kyrkja. Han gav òg ut ein diktsyklus året etter om Nesland stavkyrkje i Vinje, men for seint.

    Landstad samla folketradisjon med bistand frå Olea Crøger og L.M. Lindeman, noko som resulterte i Norske Folkeviser (1853). Til dette verket og Kirkesalmebog frå 1869 fekk han språklege råd av Aasen.

    Dialog med Aasen
    Vinje såg Landstad som eit drivhjul i Noregs språklege framgang, som han uttrykte det. Landstad hadde sans for folkespråket, og bruk av dette språket skulle ha eit pedagogisk sikte, folk skulle forstå kva dei las. Sjølv mangla Landstad filologisk skulering, men noterte seg «Provinsialismer fra forskjellig Egne af Norge». Han var inspirert av Wergelands arbeid Om norsk Sprogreformation frå 1832.

    Landstad og Ivar Aasen vart kjende i 1845, då Aasen budde i Seljord. Under arbeidet med folkevisene diskuterte dei grammatikk, rettskriving og ordtilfang, og Landstad respekterte og bøygde seg for Aasens autoritet.

    Salmar på norsk
    Danske salmebøker hadde vore i bruk i Noreg fram til Landstads tid. Kyrkjedepartementet vende seg til Landstad om utvikling av ei ny salmebok. Arbeidet tok til i 1852. Tradisjonsbunden som han var, inkluderte Landstad gamal salmetradisjon og gjendikta mellom anna frå latin. Han tok med salmar frå Luther til Grundtvig, og norske salmar av Petter Dass og Dorothe Engelbretsdotter. Han våga òg å tenkje nytt og inkluderte om lag 50 eigne salmar i Kirke-Salmebog. Et Udkast (1861).

    Landstad ønskte å ta med salmar forankra i ein norsk kontekst, som til dømes nasjonale 17. mai-salmar. Intensjonen var at salmeboka skulle vere tilpassa ein norsk røyndom og enkel å forstå for folk flest. Aasen var avgjerande i språkspørsmål, men utkastet fekk kritikk. I nokon grad galdt det sjølve utvalet av salmar, men innvendingane kom først og fremst på grunn av fornorskinga og dei mange innslaga av ord og vendingar frå folkemålet. Etter språkleg omarbeiding, igjen med hjelp frå Aasen, vart salmeboka autorisert i 1869 til bruk ved offentlege gudstenester. Landstads salmebok vart revidert i 1924 og nytta under gudstenesta i mange kyrkjer fram til 1985.

    Til Noregs folk

    Folkevisesamlinga og salmeboka, som først hadde fått motbør frå vitskapleg og kyrkjeleg hald, vart populære i mange norske heimar i ei bokfattig tid. Salmeboka vert rekna som ei av dei viktigaste bøkene som nokon gong er gitt ut i Noreg, og samlinga av folkeviser nådde alle lag av folket og influerte mange av dei fremste diktarane, biletkunstnarane og komponistane på 1800-talet.

    Mellom dei var Henrik Ibsen, med skodespel som Olaf Liljekrans. Bjørnstjerne Bjørnson skrytte av at han kunne alle Landstad sine viser utanåt, og i bondeforteljingane og dikta hans kan ein sjå allusjonar til visediktinga. Hulda Garborg skreiv skodespelet Liti Kjersti, medan Arne Garborg fekk inspirasjon frå folkevisene i arbeidet med Haugtussa. Edvard Grieg henta teksten til Den bergtekne frå Landstads samling. Mellom biletkunstnarane står Gerhard Munthes arbeid tufta på folkevisene i ei særstilling.

    Året før Landstad døydde, gav han ut Sange og digte, af forskjellige Slags, mest fra gamle Dage. Han ønskte å gi ut eit større arbeid om folketradisjon og skreiv ned alt han vann, det vere seg om hekseprosessar eller huldregardar. Gamle sagn om hjartdølerne (1880) vart følgd av posthume utgivingar.

    Landstad døydde i 1880 og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Det er reist fleire minnesmerke over Landstad, mellom anna ein skulptur av Hans Holmen frå 1928 på M.B. Landstads plass i Sandefjord. Ved Seljord kyrkje er det reist eit monument laga av Anne Grimdalen, og H.M. Kronprins Olav heldt tale ved avdukinga i 1951. Ein kantate med tittelen «Du er på vegen til Noregs folk» vart framført.

    Landstad vart æresmedlem i songkoret i Fredrikshald i 1856 og riddar av St. Olavs Orden i 1870.

    Frå Anne Berit Klungsøyr: "Magnus Brostrup Landstad", Allkunne.no, sist oppdatert 23.11.2011 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.