Olav H. Hauge

    Olav H. Hauge, forfattar og fruktdyrkar som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk frå engelsk, tysk og fransk.

    Olav H. Hauge
    Olav H. Hauge
    Olav H. Hauge var fødd i Ulvik, Hardanger 18. august 1908 og døydde der 23. mai 1994. Han gjekk på mellomskule, men vart sjuk og tok ikkje full eksamen. Etter to år på Hjeltnes hagebruksskule var han gartnarlærling eit halvår på Noregs Landbrukshøgskule og tre sesongar på Statens forsøksstasjon for frukt, i Hermansverk i Sogn. Biletvevaren Bodil Cappelen flytte saman med han, og dei gifte seg 1978.

    Hauge las mykje alt som barn og hadde store kunnskapar og innsyn i litteratur, språk og andre kulturfag. Han var ein del sjuk, men arbeidde i hagar i bygda og heime på kårbruket, der han flytte inn med foreldra og budde sidan. Det viktigaste for han var lesing og bøker. Frå 1946 til 1986 gav han ut sju diktsamlingar og ei barnebok, og i perioden 1967–1992 også omsette dikt. Posthumt kom Dagbok 1924–1994 (2000). Dikta har kome i stadig nye utgåver, Dikt i samling kom i 8. utgåve i 2008 og Dikt i umsetjing kom i 4. utgåve i 2009.
    4. september 2014 opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Senteret har ei basisutstilling om forfattaren og mennesket Olav H. Hauge, og ei utstilling om lyrikk i mange former.


    Diktaren kjem
    Då Hauge voks opp, var Ulvik på veg mot ei ny tid. Bergensbana var komen, og mange arbeidde på anlegg i Tyssedal og Odda. Han nytta tidleg folkeboksamlinga og fekk som femtenåring kontakt med morbroren Edmund, som var i USA, og som sende bøker til han – og prata om bøker etter at han kom heim att i 1926.

    På mellomskulen lærte Hauge engelsk og tysk. Han lærte han seg òg fransk. At han lærte språk for å kunne arbeide med litteratur, styrkte ei vid orientering mot dikting frå alle område og tider og gav eit viktig grunnlag for at han kunne utvikle seg til den særmerkte lyrikkomsetjaren han vart.

    Skjemt og alvor
    Si eiga utvikling har Hauge peikt humoristisk på i diktet «Eg song um ein trosapinn» (1971). Trosepinnar finst òg i det sterke portrettdiktet «Gartnaren drøymer» (1946, omarbeidd 1964). Scena er kyrkjegarden med ein stor hegg og andre plantar ved kyrkjeveggen, og «innunder gjeng det ein og rakar tros», men drøymer seg vekk frå «denne verdi». Diktet frå 1971 flirer av dette. Songen om trosepinnen, draumen, heggen og kyrkjeveggen er bytt ut med ei humoristisk rimrekkje: «no syng eg / um humla / som ein dag her / brumla / i heggen / til ho / vanvares / tumla / mot veggen ...» Slik humor finst mest i seinare bøker, også i ABC-boka (1986) som til kvar bokstav hadde vers av Hauge og bilete av Bodil Cappelen. Men så er alvoret også med til det siste, som i «Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag» (1980). Den gamle eika vert eit subjekt som det aldrande diktar-eget tenkjer fortruleg saman med.

     Tankeverksemda til Olav H. Hauge viser seg elles i dagbøkene. Her er eit yrande tankeliv, med refleksjon over eigen eksistens og det daglege tilværet, og ikkje minst om litteratur og kunst og ovringar i kulturlivet i det heile.

    Frå Idar Stegane : "Olav H. Hauge", Allkunne.no, sist oppdatert 26.4.2017 [lesedato 26.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

    Bøker og artiklar om Olav H. Hauge
    BIBSYS:  Bøker og anna om Olav H. Hauge
    Bibliografi over norsk litteraturforsking:  Bøker og andre skrifter om Olav H. Hauge
    Norske tidsskriftartiklar:  Artiklar om Olav H. Hauge
    Temautstilling om Olav H. Hauge laga av Nynorsk kultursentrum
    Nettstaden for Hauge-Tveitt-jubileet i 2008: ht08
    Bergen offentlige bibliotek si nettside om Olav H. Hauge