Jon Fosse

    Jon Olav Fosse, forfattar, dramatikar og omsetjar, ei særmerkt røyst i ny norsk litteratur og mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda. Jon Fosse fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien.

    Jon Fosse
    Jon Fosse
    Fosse er fødd i Haugesund 29. september 1959. Han voks opp i Strandebarm i Kvam kommune. Han studerte litteraturvitskap i Bergen, der han var busett fram til 2011. Då flytta Fosse inn i statens æresbustad for kunstnarar i Oslo, "Grotten". Jon Fosse debuterte som romanforfattar med boka Raudt, svart i 1983. Seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker. I 1989 kom essaysamlinga Frå telling via showing til writing. Fosse debuterte som dramatikar i 1993, og det er på det området han har hatt størst suksess. Bøkene hans er omsette til meir enn tretti språk.


    Skrift
    Å lese skjønnlitteraturen til Jon Fosse er å kome inn i ei anna verd. Det er ein rytme i språket som ikkje finst i skrift andre stader, men samstundes er det noko attkjennande også i dette uvanlege: Fosse skriv slik folk tenkjer, særleg når dei er oppøste over eitkvart og ikkje kjem ifrå det. Orda er små og «vanlege», det er det vokabularet ein nyttar når ein snakkar med seg sjølv. Her skjer ikkje store omveltingar, men det er ofte eit trugsmål om at noko kan kome til å skje, under det som kjem til syne i teksten, og alt er skrive med ein ekstrem sensitivitet, slik at ørsmå endringar verkar kolossale.

    Eksistensielle rom
    Dei første romanane til Fosse hadde koordinatar i samtida, omgrep frå moderne liv høyrde med i teksten, men berre som kulissar. Det eksistensielle rommet var det viktige, og Fosse skreiv seg nedover mot eit minimum av naudsynte omgrep. I dramatikken blir dette understreka av nakne scener og eit persongalleri med menn og kvinner av få ord dei gjentek ofte, men samstundes er personane der representerte ved skodespelarane, og ikkje berre som tekst, og denne fysiske identiteten til røystene løftar dramaet frå abstrakt idé til konkret personleg engasjement.

    Dette kan vere noko av forklaringa på at Fosse har nådd eit større publikum som dramatikar enn som romanforfattar og lyrikar, personane er attkjennande som kroppar på scena og i situasjonar som kan minne om eitkvart tilskodarane har opplevd, medan den reine teksten med sine minimalistiske grep og alt sitt fråvere av normalprosa kan verke framand, merkverdig og ekskluderande. Fosse rekna seg ikkje som teatermann i byrjinga av karrieren, men oppdaga det særmerkte talentet sitt for dramatikk etter eit kurs i regi av Skrivekunstakademiet i Hordaland, der han sjølv i ein periode var lærar.

    Fosse kan minne både om Samuel Beckett og Thomas Bernhard i dramatikken, få personar med eit lite og endåtil minkande språk rører seg mellom enkle kulissar. Men der Bernhard skriv eit masketeater med politisk agenda i store og stive rørsler, og Beckett plasserer handlinga utanfor dei rasjonelle røynslene forfattaren deler med publikum, for å setje ein idé i scene, presenterer Fosse skjelett av det faktiske, scenene er som røntgenbilete av det daglege, og Fosse er ein meister i å finne dei minste einingane for naudsynt språk og kode mellom menneske i avgjerande situasjonar.


    Sentrale verk
    Mellom dei mest kjende bøkene til Jon Fosse er romanane Naustet frå 1989, Melancholia I og II frå høvesvis 1995 og 1996, Morgon og kveld frå 2000 og forteljinga Andvake frå 2007. Av dei mange teaterstykka kan ein nemne Nokon kjem til å komme frå 1996, Natta syng sine songar og Ein sommars dag frå 1998 og Suzannah frå 2004. Fosse har òg skrive diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar, og han har omsett dramatikk og andre tekstar frå tysk, m.a. teaterstykke av Thomas Bernhard.

    Fosse er mellom mykje anna tildelt Nynorsk litteraturpris (1992), Ibsenprisen (1996), Aschehougprisen (1997), Gyldendalprisen (1999), Doblougprisen (1999), Anders Jahres kulturpris (2006), Svenska Akademiens nordiska pris (2007), Den internasjonale Ibsenprisen (2010), Nordisk råds litteraturpris (2015) og Willy Brandt-prisen (2016). Fosse er kommandør av St. Olavs orden.
     
    Jon Fosse var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1998.

    Frå Odd W. Surén: "Jon Fosse", Allkunne.no, sist oppdatert 14.2.2017 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

    Temautstilling laga av Nynorsk kultursentrum
    Kunsten i livet - diktaren Jon Fosse

    Bøker og artiklar om Jon Fosse
    Jon Fosse. Artikkel i Allkunne.no
    Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på guds jord. 2009. Samlaget og BIBSYS

    Litteratursøk
    BIBSYS: Bøker og artiklar om Jon Fosse
    Bibliografi over norsk litteraturforsking: Bøker og andre skrifter om Jon Fosse 
    Norske tidsskriftartiklar: Artiklar om Jon Fosse

    Nettstader