Olaus Fjørtoft

Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft er ein av dei mest interessante og originale personane i nynorsk kulturhistorie. Han var matematikar, skribent og politisk agitator, og var ytterleggåande både i kristentru, sosialisme og målsak. Berre 14 år gamal gav han ut ei lærebok i praktisk rekning.

Olaus Fjørtoft
Olaus Fjørtoft
Fjørtoft vart fødd 19. januar 1847 på Haram i Sunnmøre og døydde 21. mai 1878 i Kristiania. Sjølv om han berre vart 31 år, sette han djupe spor etter seg i samtida si, først og fremst som politisk debattant, men også som eit av dei største matematiske talenta Noreg har hatt.
 
Fjørtoft starta dei to blada Tiraljøren og Fram, der han tok til orde for ein radikal politikk, tydeleg inspirert av dei nye sosialistiske straumdraga i Europa. Kombinasjonen av ein karismatisk veremåte og strengt logiske argument særmerkte Fjørtoft. For han var ein radikal sosialisme, ein dogmefri kristendom og eit dialektbasert norsk skriftmål alt saman delar av det same humanistiske frigjeringsprosjektet. Denne sterke blandinga av politikk og religion gjorde at Fjørtoft vart marginalisert i dei fleste miljø.

Eit matematisk flogvit
Olaus Fjørtoft viste seg raskt som ein særs skuleflink gut. Den ambisiøse faren hans var lensmann i Haram og ville helst at Olaus skulle utdanne seg til prest. Alt som tenåring gjorde lensmannssonen seg umogleg overfor autoritetane. Han blei utvist frå både borgarskulen i Ålesund og realskulen i Molde på grunn av dei radikale meiningane sine. Det matematiske talentet var det likevel ingen som kunne ta frå han, og som 14-åring gav Fjørtoft ut ei lærebok i praktisk rekning.

Strid i Samlaget
Olaus Fjørtoft stod som utgivar av det radikale bladet Tiraljøren i 1871 og av bladet Fram frå 1871 til 1873. Her utvikla han dei politiske ideane sine og trekte til seg eit miljø av radikale norskdomsmenn. Den såkalla Framkrinsen fekk aldri nokon stor innverknad, men i 1871 vart Fjørtoft og ein av kumpanane han valde inn i styret til Det Norske Samlaget. Her kom dei snart i konflikt med formannen Hagbard Berner.
Først og fremst galdt konflikten sjølve målsaka. Fjørtoft var ein ortofonist som ville ha eit mest mogleg lydrett skriftbilete. Han ønskte såleis eit svært talemålsnært nynorsk, medan Berner var av dei som støtta ei standardisering ut frå Aasens eigen skriftnormal. Også politisk verka nok den ytterleggåande Fjørtoft provoserande på taktikaren Berner.

 

Frå Sindre Hovdenakk: "Olaus Fjørtoft", Allkunne.no, sist oppdatert 8.12.2016 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.