Elias Blix

Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom salmane og omsetjinga av Det nye testamentet står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.

Elias Blix
Elias Blix
 
Blix var fødd på Sandhornøy i Gildeskål 24. februar 1836 og døydde i Kristiania 17. januar 1902. Han gjekk lærarseminaret i Tromsø i 1853–1855. Etter nokre år som lærar i Tromsø reiste han i 1859 til Kristiania, der han blei buande.

Blix tok examen artium i 1860, examen philosophicum i 1861 og teologisk embetseksamen i 1866. Vidaregåande studium av hebraisk og andre semittiske språk skaffa han ein doktorgrad i 1876 og eit professorat i 1879. Med unnatak av åra 1884–1888, då Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering, underviste han i hebraisk og bibelfag ved universitetet.
Blix var hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet. Salmesamlinga Nokre Salmar blei i 1892 godkjend til bruk i gudstenesta.

Lærar
Blix arbeidde som lærar i 25 år, og det ligg ein pedagogisk tanke bak mykje av det han utretta. Han blei tidleg målmann og var med i det første styret for Det Norske Samlaget frå 1868. Når han skreiv salmar eller omsette Bibelen og katekisma til landsmål, var det ikkje minst for å gi skuleborna klassiske religiøse tekstar i ei språkform som låg nær talemålet deira. Opplæringsmålet i skulen var framleis reint dansk då Blix gav ut dei første salmane sine.

Diktar
Det første heftet av Nokre Salmar. Gamle og nye kom ut i 1869. I 1870 og 1875 kom to hefte til. Ei samla og utvida utgåve kom i 1883 og blei trykt opp att i 1887 (2. og 3. utgåva). Først i 4. utgåva (1891) sette Blix namnet sitt på tittelbladet. No var Nokre Salmar blitt ei nynorsk salmebok med 150 salmar til heile kyrkjeåret. I 1900 gav Blix ut 50 nye salmar og nokre andre dikt i Salmar og Songar.

Naturen og Bibelen er dei to store inspirasjonskjeldene. Blix nyttar motiv og forteljingar frå Bibelen i nye og overraskande kombinasjonar, ofte på ein måte som flyttar dei frå Midt-Austen og inn i eit norsk kyst- eller fjellandskap. Han merkar seg ut som ein svært formsikker diktar.

Bibelomsetjar
Saman med Ivar Aasen gjorde Blix pioneromsetjinga Apostelen Pauli Brev til Romararne (1882). Saman med Johannes Belsheim og Matias Skard var desse to også ansvarlege for den første fullstendige nynorske utgåva av Det nye testamentet (1889, i bokform 1890). I 1899 gav Blix ut ei «Ny, gjennemsedd Utgaava» for Det Norske Bibelselskap. Av Det gamle testamentet rakk han berre å omsetje ein del av Salmane. I tillegg omsette han Dr. Martin Luthers litle katekisma (1890). Som bibelomsetjar hadde Blix styrken sin i eit nøyaktig arbeid med grunnteksten og ei evne til å finne nynorske ord og uttrykk som hadde ein «bibelsk» og tradisjonell klang.

 

Frå Anders Aschim: "Elias Blix", Allkunne.no sist oppdatert 1.12.2015 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

 
 
Elias Blix
Bøker og artiklar om Elias Blix
Anders Aschim: Elias Blix. Artikkel i Allkunne.no
Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. 2008. Samlaget og BIBSYS 
Stefan Frich: Blixsalmane og dei norske kyrkjene. 1917
 
 
Elias Blix
Temautstilling om Elias Blix laga av Nynorsk kultursentrum
 
"Mannen som kristna landsmålet"
 
 
Elias Blix
Elias Blix på Internett
BlixBlog  -Anders Aschim sin omfattande vevlogg om Elias Blix som ein del av arbeidet med Blix-biografien Ein betre vår ein gong(2008).
Eliasblix.no – Nettside i samband med markeringa av at det i 2011 er 175 år sidan Elias Blix vart fødd.
 
 
Elias Blix
Tekstar av Elias Blix
 
Julesongar av Elias Blix finn du i avdelinga Julesongar
 
 
Elias Blix