Gudspjallet aa fyrste joladagen

(Omsetjing, 1897)

(Umskrift fraa gresk maal av A. Chr. Bang, prestemne)

Men dat bar til i hine dagar, at dar kom bodord fraa keisar Augustus, at dar i heile verdi skulde ritast mantal. Denne fyrste mantalsritningi byrjade, daa Kyrenius var jarl yver Syrialandet. Og alle gingo at verda ritne, kvar til sit herad. Men upp gjekk ogso Joseph or Nazareth borg til Judæa, til Davids borg, som heiter Bethlehem, di at han var av Davids kyn og ætt, at verda riten med Maria, festarkona hans, som var fremmeleg. Men dat bar til, medan dei voro dar, at dagarne hennar Maria fyldest, at ho skulde føda, og ho fødde son sin hin frumborne, og ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, di at dar inkje var rum fyre deim i gjestarstova. Og dar voro hyrdingar i dette herad, og dei laago ute paa marki og heldo vakor um notti yver buskapen deira. Og sjaa! ein drottens engil stod hjaa deim, og drottens dyrd glimade yver deim og dei vordo ovrædde. Og engilen sagde til deim: Inkje skulo de ræddast, di at eg bodar dykk myken fagnad, som skal vera fyre heile lyden, di at idag vart dykk boren ein frelsar, som er Christus, drotten i Davids borg. Og dette er merket fyre dykk: de skulo finna eit barn, sveipt liggjande i ei krubba. Og strakst vardt dar hjaa engilen ein himelsk herjarfjølde *), som lovade Gud og sagde: Dyrd vere Gud i høgdom og frid paa jordi i dei mennom, som han hever hugnad til.
                                        ____

Det er 30 aar sidan Bang skreiv dette Gudspjallet i »Den norske folkeskole«. Det var soleids mange aar fyrr »Det norske Samlaget« tok til aa gjeva ut bibelen paa norsk. Og endaa hadde ikkje presten Unger sent ut den gode umskrifti av Markus, so dette er nog fyrste vangilja paa landsmaal. 

Det var skade, at me skulde missa Bang, som skreiv maalet so reint og rikt og drustelegt. Hadde han haldet fram, som han tok til, og skrivet bøkerna sine paa landsmaal, - det hadde voret ein stor vinning fyre maalreisingi og norskdomen, og visst ikkje nokot tap fyre mannen sjølv helder.

T.H.

*) Mengd, hugsa "Fjøllmennt".