Anton Magnus Aure

Anton Magnus Aure, boksamlar og bibliograf som på vel 20 år bygde opp ei eineståande samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt.

Anton Magnus Aure
Anton Aure

Aure var fødd i Fræna 15. januar 1884 og døydde 18. juli 1924. Han tok utdanning i Volda og blei statsstipendiat i 1919. Før han hadde fylt 20, tok han til å byggje opp ei privat samling av alt som var trykt på nynorsk og dialekt. Dette resulterte i Nynorsk Boklista. Skrifter i bokform på norsk – bygdemaal og landsmaal i to band 1646–1915 (1916) og 1916–20 (1921). Bibliografien inneheld over 4600 titlar på meir enn fire sider i dette lange tidsrommet.
Aure gav ut fleire mindre oversynsverk og skipa månadstidsskriftet Ung-Norig i 1918.
Han døydde av tuberkulose i 1924. Det Norske Samlaget kjøpte bok-, autograf- og brevsamlinga hans året etter og deponerte samlinga først på Universitetsbiblioteket i Oslo, frå 2002 i Ivar Aasen-tunet, heile tida under namnet Norsk boksamling.I åra frå 1925 til om lag 1980 supplerte Universitetsbiblioteket samlinga med nye bøker på nynorsk og dialekt. Berre av aviser og tidsskrift inneheld Norsk boksamling over 2200 årgangar. Talet på bøker er stort, men ukjent. Norsk boksamling inneheld truleg nær 1000 titlar som berre finst i dette eine eksemplaret ved norske bibliotek.

Frå Ottar Grepstad: "Anton Aure", Allkunne.no sist oppdatert 8.5.2013 [lesedato 21.12.2017]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.