Olav Aukrust

Olav Aukrust var ein viktig lyrikar i mellomkrigstida. Med dei tre samlingane Himmelvarden, Hamar i Hellom og Solrenning skapte han ein høgromantisk syntese av folkelege, nasjonale, og mystisk-religiøse element.

Olav Aukrust
Olav Aukrust

Olav Aukrust var fødd 21. januar 1883 i Lom og døydde 3. november 1929 i diktarheimen Lyvjaberg på heimegarden. Han tok lærareksamen i Elverum i 1906, studerte eit år i Kristiania og arbeidde som lærar i fleire skuleslag. Frå 1910 var han lærar ved Østfolk folkehøgskule på Mysen, frå 1913 til 1915 rektor ved Gausdal folkehøgskule og deretter ved Dovre folkehøgskule til 1917. Resten av livet freista han å livnære seg som diktar. Han fekk diktarløn av Stortinget våren 1929, men døydde same året.

Debutboka Himmelvarden på nesten 400 sider og skildrar ei religiøs erkjenningsreise gjennom eit fjell-landskap. Naturskildringane fangar opp ekko både av romantikken sine førestellingar om folkeånda, dekadansen med si vektlegging av død og undergang og trua på nasjonal og åndeleg atterføding i Grundtvigs og Steiners ånd. Samtidig går dikta i dialog med nasjonale kjernetekstar som Draumkvedetog, Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias. Med Hamar i Hellom tek Aukrust for seg den folkelege kulturen, med humoristiske og krasse skildringar av bygdelivet, og med ein hovudtanke om at det beste i lokalkulturen skal reinsast og lyftast opp til universelle verdiar.
Då Aukrust døydde av slag i 1929, låg det att eit nesten fullført manus til Solrenning. I denne boka følgjer han opp den religiøse problematikken frå Himmelvarden, og han både presenterer og drøftar religiøse openberringsopplevingar.
 



Frå Jan Inge Sørbø: "Olav Aukrust", Allkunne.no sist oppdatert 7.3.2012 [lesedato 20.12.2017]. 

Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.