Dei dyra Byttene

(Lesestykke, 1870)

Ei Regle, fortalde i Vestmannalagja taa ein Synnfjoring
 
Av A. Askevold
 
Naar Ein sete soleisene i eit godt Lag likso her, so æ da maangt Ein kan komme ihog, so Ein enten kan ha haart elde vorte fyre. De æ no so hæve te preike aa fortelje, Godtfolk, atte eg tenkje mest eg faar prøve aa ha meg fram mæ eitkvart lite, eg og. Dæ nett ein ringe Ting, eg va tenkte te fortelje Doke aa æ da so De ve lye paa meg litevetta, so ska De faa høyre om dei dyra Byttene, eg kjøpte ifjor Sommar.
 
Ja, da kom seg soleisene fraa fyste Ti, atte eg hadde ei Ærend inn i Fjoren, eg laut faa meg Fat i Namn te Trevare, so eg vilde ha te setje istand Husehyttene mæ te Vintra. Eg ser da kjeme væl mæ te ha eitkvert sovore liggjande. Han æ ofte so harnuin mæ Veira, aa treffe da te mæ slikt Aalaups Veir likso hitt Aare, so slite Ein store Ska paa Husaa. Dar æ eitkvert aafaatt meste jamnaste, sereg.
 
Aa ja, me siglde inn Fjoren mæ ein fine Byre, kom inn aa fekk utrette da me vilde. Trevara fekk me teskiks, skjepa Baaten aa la ut atte paa Heimveien. Men so blees han opp mæ ein Vestavinde, aa me rodde aa sleit so hjartelæ utigjønnaa paa dinne ladde Baaten, atte eg foor te kjenne Blotævin i Munna. Men so seie daa eg dittene here: "Nei Kara, ditte røyne daa inkje paa, atte me ska liggje soleisene aa slite aa bale aa ingin Sta komme; me kan daa leggje ataat Landa einkorsta, eg he no den Truna, atte han vil bedage seg, naar Sola gaar i Have." Ja, dei tykte da hine og, trøytte va me, aa so vann me ut unde Nese aa la aat atte mæ nokre Naust.
 
Me bisna paa dittene her, atte dar va so mykin Baate ne mæ Landa: ka ditte kunde ha paa seg. So betøygde me Baaten so best me kunde aa gjekk opigjønnaa Veien aa dreiv att aa fram, mæ Vestavinden gjurla aa blees, fy Moro Skuld. Dar vart me vare so mykje Folk, so reika oppe i Tuna, aa daa fekk me høyre, atte Lensmannen va dar paa Gara aa helt Aksejone. Me hadde oss daa inn i Staua, me og, aa lydde paa, aa dei sette no fram maangt so vart kjøpt, so ikkje eg brydde meg om vidare, men so kjeme dei fram mæ eit Par Bytte. Dei va kje nett nya, men da va sterka, goe Bytte, aa so tenkte eg mæ meg: "Ja ditta va no mest da einaste, eg sku ha Hog paa, fy me æ forkomne fy Bytte, heime. Eg mysste ei slike fagna Bytte hitt Aare i Fiskja, aa da kom seg soleisene: Dar va mæ oss ein Leigekar inna taa Dala aa da va no eit Aalmoseting paa Sjønaa maa vete, so vente kunde no vere: han hadde inkje set Sjøen fyr, aa da va fyrste Aare han rodde Fiskje. So va da eit Kveld me skulde te koke, atte eg sa mæ haanaa: "Aa du, ta dinna Bytta aa spring ne ette Namn te Sjø, so me faar skole Fiskin vaar." Han ut igjønnaa Døra mæ Byttene, men so kom han atte i eit Sendebo, forstaar eg, bleike so Bast: "Gu late eg visste kva da ha paa seg da eg saag ne i Sjønaa; daa eg sku ta Sjø op i Bytta, daa va da nett so eg grov ned i Eldmyrje;.... Eg he aldre set slikt Spøkri.... gje me va væl heime atte, Kara!" ..... "Forbanne deg Toske," sa eg mæ haanaa, "dæ Morelden du he set ne i Sjønaa, Fyre! He De kje haart gjete da, De Støyta, dar inn paa Dala? - - Men kar æ Bytta, du reiste mæ?- - Ja Byta, Kar! ..... Neigu, Bytta sleppte eg, hinne; Bloe seig  i meg, eg vart so forfære, eg kan kje snakke om da. Men eg ska forskylde Doke fy Bytta." Da va da siste eg saag hinne, aa inkje fekk eg noke fyre hinne helde.
 
Daa eg no kom dittene ihog - paa Askejona, forstaar De - so bau eg paa dei Byttene aa fek Tilslagje fy 12 Skilling, aa da va dei væl væra. Skillinganne skulde betalast te Lensmanna te Hausta, so da naudde inkje paa.
 
So vart me sitjande litevetta, fekk oss Namn te Øl aa bytte imyljaa oss, men so foor me daa te aa snakke om, atte me laut ha oss neatte te Baata aa prøve aa grave oss heimatte. Jau, daa me kom dar ne, daa va Baaten fulledamla aa Trevara rekja uto haanaa! Her vart eit anna Arbeislag: Somme tok Naatanne aat hitt Folkja aa te aa flaate hit atte Trevara, so laag aa flaut bort paa Fjora: Huna, Stronga aa Bor aa alt da me hadde. Somme treiv Auskjer aa Skufle aa ka dei kunde finne, aa te ause Baaten. Eg aa Sveinen min me tok kver si Bytte, men, hjelpe meg, da va Trøyse, so gjore Mun; daa saag me ka Byttene dudde te. Ja ha me kje hat dei Byttene likevæl, so ha me kje faat Baaten lensa e i t Skifte, da vona eg, aa eg va ratt feien taa Byttaa aa tykte eg hadde gjort ein gromme Handel. Jau, so fekk me daa Baaten skjepa atte aa daa skaptest han mæ Veira, so me kom oss heimatte seint om sia, aa ditte va no væl nuk.
 
Men so va da no disse Skillinganne, so sku betalast. Dar va kje nett nokin, so foor imyljaa, so eg fekk skikke dei inn te Lensmanna aa soleisene forfoorst dittene her aa vart reint avleit. Inkje kunde eg fare inn eins Ærend helde, slike laange aa obesværlæ Vege mæ dei 12 Skillinganne, da va raalaust, da. Eg tenkte no da og, atte da sku kje ha nokin Faare, men so va da eit Kveld eg sat aa putla mæ eitkvert lite oppe i Tuna, so kjæme dei sendande: han Lars aa han Jens Askveld eins Ærend fraa Lensmanna aa stemde meg te Kommissions!! -- -- Eg vart so ovadaatten, eg va kje go te seie eit steinandes Or ... so dei herme ette Kalla: Da fyste eg sa, da tagde eg stille. Nei eg hadde ikkje trut atte Lensmannen sku ha vaa so ittegaaige mæ meg, han fære ofte imyljaa aa eg ha tykt da ha vaa ein skaplæ Mann aa ein gjemeine Mann i alle Maata, so eg hadde slett ikkje trutt ditte te haanaa - - men dar fer me! - -  Aa ja, eg laut no love, atte eg sku fare ne paa Komissionen naar Tia kom, aa da hadde eg no væl gjort og, men so trefte da so meinslæ te, nett den Maaraaen eg sku fare, atte han saag ut te verte Brigde paa Veire. No hadde me noke Torv liggjande bort paa Øyene aa da va so godt turt, atte me laut ha da te Husanne. Dæ no so bedrøvelæ mæ ditte Veira: æ han oplyse ein Daen, so he du Aalvæta yve deg hin Daen atte, aa Torve da laut me bjerge. Dar æ no so nauelæ skogalaust dar bort paa Landa, dify lyte me hjelpe oss mæ Torv, so me skjere i Myraa aa stopla opp aa tonna i Solene. So balte me aa førde Torv mest heile Daen, aa soleisene fekk eg inkje fare. Men eg tenkte itte da sia: kanskje eg verte slysen fy dittene her. Eg æ no ein Krype, aa naar dei ve røyne seg dei, so kan Ein snart verte knekte.
 
Men da va no gjort, so gjort va... dar va kje onnor Raa, eg fekk bie aa sjaa kor da vilde lage seg. Jau, her da lei framette, her kom dei aa stemde meg te Tings. Daa foor eg te aa verte rædde aa eg sette meg da so visst fyre, atte eg sku ha meg ne paa Tingje, enten da no va so elde so. Eg sette spildrande nytt Drag unde Baaten, flauta Aara aa sette nye Hamlevia i, aa Kjæringja hadde bakt Raspeballa aat meg aa stelt te baa Niste aa Klæ i alle Maata, so eg va spent færige. Ditte va Tingafta; gilde aa gla va eg yve ditte, hadde faat Namn te Tobbak i Pipa mi aa gjekk ne aat Sjønaa.
 
So kom dar bortunde Land ein Baate, aa eg stogga aa vilde sjaa kven da va. Jau, so va da ein Passionerare, som kom taa Dampa aa sku nor i Berkje; Mannen va nauige aa vilde so gjenne ha ein Skysskar te. Dar kan du tene ein liten Skilling, tenkte eg, sprang opp i Garen so snaraste eg vann itte Trøyene mine aa so drog eg mæ dei i Skyss innigjønnaa. Da va so mi Meining, atte eg vilde komme heimatte naar da lei paa Natt, men daa me va framkomne, so sporde eg den Tiend, atte dei ha vaa om aa kasta litevetta Sild paa hi Sia aat Fjora. So rann da i meg, atte eg sku late hine reise atte, aa laane Færingin aat Huskalla aa likke bortunde, prøve om eg kunde faa meg Namn te Kokesild. Eg so gjore; dar fann eg Fokje, sa mi Ærend aa atte eg va nauige fy da eg sku ne paa Tingje. "Ja, Ein va kje kvite, so drog dar ne no, sa dei; no her æ so mykje godt mæ Sild unde Land, no ska Almuen ne paa Tingje te Storkaraa, aa so mysse Folkje meir fy mindre: Silda ho drege te Havs atte fyre dei kjeme atte. Nei, gje no du deg te her paa Notene mæ oss; du ska sjaa du aanka kje paa da." Eg va gotruin aa leet meg yvetelje; dar va kje værdige Raa te sleppe ifraa dei, aa so balte me aa kasta heile Natta aa framette Maaraaykta, men Silda ha vart lita, ho. Aa ja, me fekk no so mykje me kokte, men da va kje te noka Hjelp, soleisene.
 
Men daa faar eg seie eg va kje høghjarta eg foor ut atte mæ Landa. "Vaar Herre veit ka Ende dittene ve take," tenkte eg mæ meg, "ditte vart meg nokra mølæ Bytte; eg va tefres eg aldre hadde set dei."
 
Eg gjekk heime aa grubleserte yve ditte, ka dei no vilde finne paa mæ meg, aa da varde ei Stund likevæl fyr eg saag noko te dei, men daa dei so kom, daa kom dei so fagna Kara. Jau, den Reisa daa tok dei aa panta meg; jamen tok dei beste Kyra mi!
 
No æ da so mykje eg he vaa go te klarere altsamma, aa no æ Byttene betalta. Da vart meg nokra dyra Bytte:Dei Byttene kom meg paa Halvssjauende Dale!
 
Men no hitt Folke, maa vete, no he dei dittene te Glis aa Latteløie. "Du æ same Toskin, so du he vaa, du," seie dei. Aa dinne Siverten, Jagtefyren, da læst no væ ein slike Greive, maa vete, han æ framme mæ Slengje-Oraa sine: "Da va no di Lukke, du fekk inn Torve ditt; so he du daa noke te koke Silda i mæ," seie han. No va h a n den, so mest talde meg te, eg sku gje meg yve aa væ mæ paa Notene den Reisa; ja da va nett han, so sette hine paa Raaka, aa da atte han ska komme mæ slike Split-Yre atte paa, da tykkje eg æ so skjemdelæ.
 
Ja, eg faar no seie da: Æ du so slysen, du he eitkvert lite utestaaande mæ Storfolkja aa Øvreheitene, so faar du vete ka da kosta. Nei Ein kan daa verte so reint utarma fy ein ringe Ting. Hjelpe meg, dei æ kje fysne, slike Kara, naar dei trur seg. - 
 

Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget.I. Bjørgvin. Hjaa Edv.B. Gjertsen. 1870. Side 55-63.Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad.