Anders Monsen Askevold

(1834-1900). Frå Askvold i Sunnfjord, døydde i Düsseldorf. Son av lærar og stortingsmann Mons Andersson Askevold. Målar.

Anders Monsen Askevold
Anders Askevold
Kom 13 år gamal i teikne- og målarlære hos Hans Leganger Reuch i Bergen. Studerte 1855-58 under professor Hans F. Gude i Düsseldorf. Utdanna seg 1861-66 i Paris som ”dyremålar” under inntrykk av Troyon og Rosa Bonheur. Budde lenge i Düsseldorf, men kom kvar sommer heim til Noreg. Blir rekna som ein av dei fremste norske romantiske målarane frå ”Düsseldorfar-skulen”. Mest kjend for romantiske skoglandskap med kyr, og Vestlandsfjordar med dampbåt og jekter på fjorden. Var arkitekt for Askvoll kyrkje, måla altartavla i Askvoll (1859), Solund (1860), Brekke (1862), Dale i Sunnfjord (1864), Kaupanger (1865) og Kalvåg (1865). Representert i Nasjonalgalleriet, Bergens Billedgalleri og Trondheims Kunstforening. Var medlem av Vestmannalaget. 

I 2013 gav Selja forlag ut boka «Anders Askevold – vestlandsmålaren», forfattar Thor Warberg.


Frå Ottar Starheim: "Anders Monsen Askevold, Allkunne.no, sist oppdatert 28.1.2016 [lesedato 21.12.2017]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.