Ottar Grepstad sluttar i Nynorsk kultursentrum
Ottar GrepstadFoto: Lars O. Flydal

Ottar Grepstad sluttar i Nynorsk kultursentrum

Ottar Grepstad har sagt opp stillinga si i Nynorsk kultursentrum og blir pensjonist frå 1. november 2018. Styreleiar Lodve Solholm informerte dei tilsette om oppseiinga på allmøte i går ettermiddag, før eit ekstra styremøte.

I eit ordinært møte neste veke fastset styret prosessen med å finne etterfølgjaren.

Grepstad blir 65 år 1. oktober. – Eg kan kalenderen og ante at dette kunne kome, men skulle ønske det ikkje kom alt no, seier Solholm.

– Ottar Grepstad har vore direktør i 19 år, og styret er svært glad for at han blei så lenge. Under hans leiing og gode samarbeid med styre og råd er Nynorsk kultursentrum blitt ein nasjonal kulturinstitusjon av dei sjeldne.

Mykje å takke for

– Å få lov til å byggje opp noko, tilsette dei ein vil samarbeide med og oppdage alt dei har å fare med, er som den første forelskinga, seier Grepstad.
– Den som sjølv får lov til å prøve og feile, gir andre same sjansen. Eg har så mykje å takke råd, styre og medarbeidarar for at eg ikkje anar korleis eg skal få gjort det.

Grepstad blei tilsett som direktør i 1999 og var med det den første fast tilsette i Nynorsk kultursentrum. I valet mellom åremål og fast stilling den gongen valde han fast stilling og sa at han kom til å slutte brått.

– Det var mest ei påminning til meg sjølv om å styre unna det eg kallar repetisjonens spiral. Eg har vore redd for å bli verande for lenge, og i fleire år har eg arbeidd med å gjere meg til ein som Nynorsk kultursentrum klarer seg utan, seier Ottar Grepstad.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 for å drive Ivar Aasen-tunet. Til hausten rundar stiftinga 25 år med 20 fast tilsette som driv tre museum, tre festivalar, eit digitalt leksikon og ni andre nettstader. Fleire store prosjekt er i arbeid, og budsjettet for 2018 er på 33,5 millionar. Nynorsk kultursentrum er utan langsiktig gjeld og hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på fem millionar.

I åra som direktør har Ottar Grepstad skrive eller redigert over 20 bøker og halde fleire hundre foredrag. Han var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2010, og styremedlem og seinare styreleiar i Språkrådet 2006–2015. Grepstad har heile tida leidd arbeidet i Nynorsk forum og har frå 2016 vore leiar i International network of language museums.