Nynorsk kultursentrum kjøper Nynorsk.no
Fredrik Hope og Ottar GrepstadFoto: Norsk Målungdom / Anna Sofie Ekeland Valvatne, Aasen-tunet

Nynorsk kultursentrum kjøper Nynorsk.no

Nynorsk kultursentrum har kjøpt domenet Nynorsk.no frå Norsk Målungdom.

– Vi får den beste nettadressa vi kan ha, og Norsk Målungdom får pengar til det viktige arbeidet deira med språkpolitikk og å engasjere fleire unge, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Etter ein overgangsperiode tek Nynorsk kultursentrum over domenet 1. oktober 2018.

– Prosessen har vore prega av gjensidig tillit og god dialog, seier leiar Fredrik Hope i Norsk Målungdom. – Nynorsk.no er eit svært godt domenenamn, og vi er glade for at Nynorsk kultursentrum vil bruke det til glede for alle som ser etter godt og viktig stoff om nynorsk på nettet.

Nynorsk kultursentrum har satsa mykje på digitale tenester like sidan det nye Aasen-tunet blei opna i 2000. No eig og driv institusjonen ni nettstadar. – Vi må rett og slett rydde og samordne dei digitale tenestene våre, og då er Nynorsk.no perfekt, seier direktør Ottar Grepstad.

– All ære til Norsk Målungdom som for 20 år sidan sikra at dette domenet ikkje hamna på kommersielle hender. No førebur vi oss til ein digital offensiv dei neste åra, seier Grepstad.