Torsdag 22. juni 2000
Kulturminister Ellen Horn og styreleiar Narve Bjørgo under opninga 22. juni 2000.Foto: Arkiv Aasen-tunet

Torsdag 22. juni 2000

Utdrag frå tale ved opninga ved styreleiar Narve Bjørgo.

Framtida kan vi ikkje vente på. Den må vi forme og gripe – her og nå.

Ein tur til Paris, Europas fremste kunstby, kan hjelpe oss til å oppleve denne utfordringa i eitt enkelt syn. Her stig du ned i det store kunstgalleriet når du går om bord på ein av dei mange elvebåtane som trafikkerer Seinen. Heile vegger av små og store kunstverk bølgjer imot deg frå fundamentsidene til dei mange gamle bruene over elva. På ei enkelt bruside har eg talt opptil hundre slike kunstuttrykk; frå små, forseggjorte medaljongar til mektige og imponerande statuar i heilfigur. Nesten ingen ting er synleg for den som spaserer over brua. Du er nøydd til å gå om bord.

Når elvebåten frå sørsida nærmar seg Pont Marie, også den utsmykka av store franske skulptørar, er det plutseleg ikkje lenger kunsten som grip tak i deg. Det gjer derimot tre svære, figurlege nisjer som dominerer midtpartiet. Dei gjer det fordi dei er – tomme, snart 400 år etter at brua vart bygd. Du unngår ikkje å høre nisjenes rop om å halde fram der formødre og forfedre måtte sleppe taket. Eit rop på handlingsdyktige og handlingsvillige menneske.

Den enkle bodskapen vi kan hente med oss frå Pont Marie er denne: I nynorskens hus vil det alltid vere tomme nisjer som må fyllast av søyler skapte av din fantasi, din kreativitet, din forstand, din vilje og ditt handlag. Vår felles evne til å identifisere og fylle nisjene vil avgjere nynorskens framtid, og ikkje minst vere den varige målestokk på verdien av det kultursenteret vi har åpna i dag.

Styreleiar Narve Bjørgo: «Frå ord til verk»,

tale ved opninga av Ivar Aasen-tunet 22.6.2000 (utdrag)