Bloggen: ”Skrifti kann ein gøyma; Talen kann ein gløyma”
Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrumFoto: Åge André Breivik

Bloggen: ”Skrifti kann ein gøyma; Talen kann ein gløyma”

Vil du ha ein god grunn til å ikkje halde tale, kan du alliere deg med Ivar Aasen, seier kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid i bloggen i dag.

Skrive? Ja.
Fortelje? Gjerne.
Tale? Ikkje tale om.

Det er mai og høgsesong for konfirmasjon og bryllaup. Kanskje sit du akkurat no og kjenner på ei forventning om at du bør halde ein tale? At du bør seie nokre ord til hovudpersonen eller personane, gjerne dele ei god historie med forsamlinga, ein rørande augneblink eller noko som har betydd noko for venskapen eller slektskapen dykkar.

Nei, seier du? Er du ingen talar? Vel, det aller beste rådet mitt vil nok vere å gjere det likevel. Bruk tid til å førebu deg og ikkje ver redd for å spørje nokon om hjelp. Skriv manus, øv framfor spegelen, framfør og hurra! For det er alltid kjekt når nokon har tatt seg tid til å tenkje på deg, anten du er nygift eller nykonfirmert.

Skulle det likevel vere aldeles utenkjeleg for deg å ta ordet i plenum, skal du no få verdas stiligaste grunn til å la vere: Du vil gjere som Ivar Aasen!

Det er knapt til å tru, men det er sant:
Ivar Aasen ytra seg offentleg berre i skrift.
Han tok aldri ordet i ei offentleg forsamling.
Han heldt aldri noko offentleg foredrag.
Ivar Aasen stod aldri på ein talarstol.

Ivar Aasen brukte altså heile sitt vaksne liv på å systematisere dei norske dialektane, men han nytta aldri talarstolen for å gjere livsprosjektet sitt kjent.

I historia om Ivar Aasen er det mykje å bli imponert over. Til dømes at han reiste over 25 000 km i Noreg, av dette truleg over 2000 km til fots. Men det som har fasinert meg aller mest, er likevel at han fekk gjennomslag i Stortinget for språkprosjektet sitt heilt utan å vere synleg i større forum. Og det i ei tid med svært få kommunikasjonskanalar, samanlikna med i dag.

I dag, 12. mai, er det på dagen 132 år sidan Stortinget vedtok det som seinare har vorte kalla jamstillingsvedtaket med 78 mot 31 røyster: ”Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.”

Noreg vart eit av dei første landa i moderne tid med meir enn eitt offisielt språk. Vedtaket er truleg også det einaste Stortinget gjorde på 1800-talet som enno ikkje er endra.

Ivar Aasen tala ikkje, men han skreiv. Så vil du gjere som Ivar Aasen, så kan du ikkje halde tankane dine heilt for deg sjølv. Du treng ikkje tale, men du må skrive. Og dele.

Ha ein fin festmånad!

 

Laila Walseth Lid
kommunikasjonsrådgivar Nynorsk kultursentrum

Kjelder:
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen. Oslo 2006. Dei kursiverte delane av teksten er direkte sitat.
Ottar Grepstad: Språksansen. Oslo 2013
Ivar Aasen: Norske ordtak, 4. utgåve. Redigert av Johannes Gjerdåker og Gudmund Harildstad. Bergen 2003.

Les meir om Ivar Aasen her