Kjærleik med rette song

Når:
Kvar:
Eidsborg, Tokke

Bygdelagskoret Blåne er eit blandakor frå Oslo som blei stifta i 1929. På repertoaret har vi i hovudsak folkemusikk, dei fleste songar på nynorsk eller dialekt. Koret har i mange år lagt stor vekt på norske folketonar og arbeider med å vidareutvikle folketoneklangen i koret. På konserten vår vil du få høyre viser, stev og folkesongar frå ulike delar av landet. Tema vil vere knytta til kjærleik, vår, liv og lengt. Sidan vi feirar Aasmund Olavsson Vinjes 200 års jubileum i år vil programmet ha innslag av songar med Vinje-tekstar og telemarkstradisjon. Les meir om koret her: http://bygdelagskoret.org/ eller facebook: https://www.facebook.com/bygdelagskoret.blaane/